– Ja til inkluderingsdugnad for heile landet

Foto: Privat

Venstre sine ordførarar og varaordførarar i Sogn og Fjordane helsar velkomen inkluderingsdugnaden Regjeringa inviterer til i sin nye politiske plattform.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

Venstre sine ordførarar og varaordførarar tar imot invitasjonen frå Regjeringa. Vi vil gå i front for å inkludere fleire i arbeidslivet, fordi vi trur små og store norske kommunar kan spele ei avgjerande rolle i å nå måla om inkludering Regjeringa har blinka ut.

 

Lukkast vi med å løfte fleire inn i arbeidslivet, skaper vi både betre lokalsamfunn og eit betre liv for dei som i dag fell utanfor.

 

Regjeringa har peika på tre grupper vi veit har spesielle utfordringar med å kome inn i arbeidslivet: Menneske med funksjonshemming, ungdom utan fullført utdanning og enkelte innvandrar-grupper.

 

Vi vil peike på at det trengs eit mangfald av løysingar og modellar for å lukkast med å løfte desse gruppene inn i arbeidslivet. Løysingane er ikkje nødvendigvis dei same i små og store kommuner. Dei må utviklast lokalt ut frå lokale forhold. Difor speler kommunene ei nøkkelrolle.

 

Samtidig veit vi at mange kommunar, også kommunar der Venstre har ordførar eller varaordførar, allereie har utvikla gode lokale modellar for inkludering som kan vere til inspirasjon for andre. Vi ønskjer å spreie kunnskap om det vi har fått til, og motivere andre til å finne sine lokale gode løysingar.

 

Venstre sine ordførarar og varaordførarar vil peike på at små kommunar kan oppnå minst like gode resultat som store når det gjeld inkludering. Vi er ikkje nøgde med at mange mindre kommunar som over lang tid har bygd opp kompetanse på å inkludere flyktningar i arbeidslivet, no ikkje lenger får høve til å gjere det fordi busetjinga av flyktningar er sentralisert til færre kommunar. Vi vil difor sterkt oppmode Regjeringa om å sørge for busetjing av flyktningar i åra framover også i mindre kommuner som har bygd opp gode system for det.

 

Vi ventar at Regjeringa som del av inkluderingsdugnaden gir norske kommunar, frivillige lag og organisasjonar fridom, fleksibilitet og økonomisk handlingsrom. Staten må gjennom NAV drive mindre sentral detaljstyring, og i staden samarbeide på kommunane og frivillig-Noreg sine premissar. Skal vi lukkast med integrering, må vi sjå ressursane under eitt. Den samordninga bør staten sørge for at kommunane får gjere i sine lokalsamfunn – også når det gjeld statlege ressursar.

 

Venstre sine ordførarar og varaordførarar i Sogn og Fjordane støttar framlegga frå Regjeringa om å styrke ordningar som lønstilskot og arbeidstrening i ordinære verksemder, og å gjere det lettare å få til samarbeid mellom offentleg sektor og ideelle og sosiale entreprenørar.

Alfred Bjørlo, ordførar i Eid

Gunhild Berge Stang, ordførar i Fjaler

Torstein Tvinnereim, varaordførar i Stryn

Jan Henrik Nygård, varaordførar i Flora

Trude Risnes, varaordførar i Leikanger,

Gunnar Osland, varaordførar i Askvoll

Kirsti Ohrvik Olsen, varaordførar i Eid

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**