Årsmøtet: Hans Haugen held fram som leiar

Eit samrøystes årsmøte i Sogndal Venstre 24. januar gjenvalde Hans Haugen som leiar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

Frå fellesmøtet med Sogndal, Leikanger og Balestrand Venstre 24. januar. (Foto: Hans Haugen)

Oversikt over det nye styret framgår på denne sida. For fullt referat, last ned protokollen frå årsmøtet.

Møtet starta felles med Balestrand og Leikanger Venstre. Frå 1. januar 2019 vil dei tre samle seg til eitt lokallag. Vigdis Tonning og Gunn Merete Paulsen frå Sunnfjord fortalte om deira prosess og erfaringar så langt i samanslåinga av lokallaga. Frå 1.2. 2018 blir lokallaga frå Jølster, Naustdal og Førde til Sunnfjord Venstre, truleg også Gaular. Dei har opplevd meir overskot til politikk med fleire medlemmer og eit større lag, mellom anna ved å skipe til arrangement som «pils og politikk». Dei har laga til nye vedtekter på nynorsk, og har tilpassa standardvedtektene til deira forhold.

Lokallaga Balestrand, Leikanger og Sogndal hadde mange spørsmål til Sunnfjordingane. Dampskipskaien hadde laga god, heimelaga tapas i godt monn til dei 18 Venstre-medlemmane som var på fellesmøtet.

Felles fråsegner
Balestrand, Leikanger og Sogndal Venstre diskuterte felles politiske fråsegner. Leikanger hadde framlegg til fråsegn om bibliotek, Vitensenter og plastureining. Sogndal hadde fråsegn om ein estetisk rettleiar for identitet og lokal byggeskikk og nasjonalparkar. Sistnemnte vert sendt til fylkesårsmøtet, fråsegnet om estetisk rettleiar blir publisert på lokalt hald.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**