Fylkesleiar rosar ekspertutvalet sine ambisjonar for dei nye regionane

Foto: Jostein Vedvik

Gunhild Berge Stang rosar eksportutvalet sine ambisjonar for dei nye regionane. – Deira rapport over kva oppgåver som bør løysast av dei nye regionene syner at ligg eit stort demokratisk potensiale i regionreforma, og at regionivået har ein viktig funksjon for maktspreiing, demokrati og regionalisering av oppgåver, seier Gunhild Berge Stang.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

Direktorata har ein årleg vekst på 2 prosent årleg, dette er ein vekst som i større grad vil komme heile landet til gode når oppgåver vert flytta frå direktorata til regional folkevald styring. Regionreforma har vore utsett frå massive angrep frå Senterpartiet, Arbeiderpartiet og SV fordi dei meiner at den ikkje har lagt opp til tilstrekkeleg oppgåveoverføring. – Om dei står ved kritikken sin så forventar eg at desse partia no grip sjansen til å syte for at det blir den oppgåveoverføringa dei har bedt om gjennom å gje politisk gjennomslag i Stortinget for ekspertutvalet sine tilrådingar, seier Stang.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**