Fråsegn: Ein sterk vestlandsregion

Kart over nye regioner
Kart over nye regioner, Ill: Venstre

Hordaland Venstre er glad for regionreforma Stortinget vedtok 8. juni 2017. Desentralisering av makt er eit viktig liberalt prinsipp, difor har Venstre i fleire stortingsperiodar kjempa for både kommunereform og regionreform som flyttar makt nærare folk.

Venstre fekk gjennomslag for ei regionreform som styrkar det regionale folkevalde nivået. Regionane fekk overført fleire oppgåver som regional næringsutvikling, integreringsoppgåver og oppgåver frå fylkesmannen.

Hordaland Venstre meiner eitt nytt regionalt folkevald nivå må få overført betydelege oppgåver. Nyleg kom eit regjeringsoppnemnt ekspertutval med sin rapport på ytterlegare oppgåver som kan leggjast til dei nye regionane. Hordaland Venstre er positiv til desse tankane, men har nokre fleire forslag til oppgåver som dei nye regionane kan få overført:

  • Kulturrådet og tildelingar til regionale formål frå Kulturdepartementet
  • Kjøp av regionale jernbanetenester
  • Konsesjonsoppgåver og vegleiingsoppgåver frå NVE og anna naturressursforvaltning av regional karakter
  • Flytte oppgåver frå Statens Vegvesen gjennom å flytte Sams Vegadministrasjon over til dei nye regionane.
  • Dei delar av Bufetat som ikkje kan leggjast til kommunane
  • Oppgåver frå den statlege delen av NAV
  • Prosjektskjønnsmidlar
  • Miljøvernpolitiske oppgåver
  • Utgreie ei overføring av ansvaret for helseføretaka og spesialisthelsetenesta, unnateke universitetssjukehusa, til de nye regionene

Hordaland Venstre meiner regionane bør få større mynde over eigne ressursar gjennom auka kontroll over eigen økonomi og prioriteringar. Regionane bør behalde ein større del av eigne skatteinntekter, og stå friare til å innføre lokal skattlegging. Dette er grep som vil bety ei omfattande og reell desentralisering av oppgåver, myndigheit og kompetanse, i tråd med intensjonen med reformarbeidet.

Hordaland Venstre meiner regjeringa må vurdere nøye kva oppgåver som bør overførast til regionane, og kva som fortsatt skal være statlege eller flyttast til kommunane. Det er avgjerande at det og i framtida skal være viktige nasjonale kulturinstitusjonar utanfor Oslo, og institusjonar som har ei viktig nasjonal rolle fortsatt skal være eit statleg ansvar.

Det er samstundes viktig å behalde spisskompetansen i Norsk kulturråd, og eventuell utflytting av kulturrådet bør gjennomførast ved at konkrete oppgåver vert flytta til stader med særlige føresetnadar for å ivareta nasjonale interesser innan feltet, framfor ei heilskapleg regionalisering av heile verkemiddelapparatet.

Enkelte regionar eller kommunar i de nye fylka kan ha særskilte utfordringar eller oppgåver. Eit eksempel er drifta av kollektivtransporten. Hordaland Venstre ber regjeringa vurdere om fleire av dei større byane kan inkluderast meir direkte i drifta av kollektivtilbodet, etter modell frå Ruter-samarbeidet mellom Oslo og Akershus.

Staten må og leggje opp til desentralisering av statlege arbeidsplassar og kompetansemiljø parallelt med kommune- og regionreforma, slik Stortinget vedtok våren 2014 etter initiativ frå Venstre. Statlige kompetansearbeidsplasser er ein nøkkel for å utvikle attraktive, sterke bu- og arbeidsmarknadsregionar over heile landet, i tråd med måla for kommunereforma og dei bidrar til maktspreiing.

Fråsegn vedteken av årsmøtet til Hordaland Venstre 11. februar 2018

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**