Lag arbeidsplassar av avgangsmassane

Foto: Sfj Venstre

Venstre vil arbeide imot den planlagte deponeringa av avgangsmassane frå gruvedrift i fjordsystema. Venstre meiner ein må finne løysningar som gjer massane til ein ressurs for ny verdiskaping.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

Venstre sitt landsmøte i 2017 vedtok totalforbod mot sjødeponi i valprogrammet for stortingsperioden. Det standpunktet ligg fast. I Stortingsvalprogrammet står det fylgjande: «Totalforby sjødeponi av gruvegang, og avslutte eksisterende deponier». Venstre har saman med SV, MDG og KrF stemt mot planane om gruvedeponi i Førdefjorden og Repparfjorden i Stortinget. Dessverre har eit fleirtal av Høgre, FrP, AP og Sp stemt for. Saka er no komen langt og konsesjonar for utslepp er gitt. Venstre makta ikkje å snu dette.

 

Vi er likevel glade for at det i regjeringsplattforma står at det ikkje vil bli gitt nye utsleppsløyve i fjordar i regjeringsperioden, og for at det no vil bli vurdert om lovverket for avfallsdeponering i gruveindustrien er tilstrekkeleg. Konsekvensane av eit forbod mot nye sjødeponi skal også greiast ut i Stortingsperioden.

 

I utsleppsløyvet for fjorddeponiet i Førdefjorden er det sett krav om at Nordic Mining skal jobbe med å finne alternative bruksområde for avgangsmassane som skal deponerast. Dette kravet må følgjast strengt opp, og Klima- og miljødepartementet må nytte retten til å krevje alternativ bruk av avgangsmassar og gråberg. Det må difor setjast inn ressursar på studie som bygger kunnskap om korleis ein kan bruke overskotsmassane til å skape nye produkt. Kunnskap og gjennomføringskraft vil kunne auke inntektene frå gruvedrifta og skape nye arbeidsplassar.

 

Venstre har trua på ny næring av avgangsmassane, og kjenner til lokale krefter på Vestlandet som både vil forske på dette og som har konkrete tankar om bruken av massane. Midlar til studiar for å sjå på bruken av avgangsmassane må på plass med det første.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**