Legg til rette for hydrogen-løysingar med lokal kompetanse

Venstres landsstyre vil at OSL og Gardermoområdet skal fortsette å ligge i tet og utvikle seg som verdens mest miljøvennlige flyplass og å være en motor for utvikling, næringsliv og arbeidsplasser for hele Østlandet. , Venstre

Sogn og Fjordane er i førarsetet for utvikling og vekst basert på produksjon og bruk av hydrogen i samferdslesektoren. Fylket har ein betydeleg fornybar straumproduksjon, etablert industri og ei maritim næring som ligg i den teknologiske verdstoppen. Teknisk Ukeblad omtalar fylket som ein av dei mest lovande hydrogenregionane i Europa.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

 

Satsing på hydrogen som energikjelde vil være ein viktig strategi på vegen mot eit nullutsleppsamfunn. Hydrogen har eit stort potensial for både utsleppskutt og næringsutvikling. Det blir blant anna løfta fram i Energimeldinga (St. 25, 2015-16) «Kraft til endring – energipolitikken mot 2030». Ein avgjerande føresetnad er då at vi får etablert ein infrastruktur som dekker kaier og sentrale vegnett. Tilgang til fyllestasjonar er viktig for at godstransporten, som utgjer det største drivstoffbruket innanfor privat transport, og hurtigbåtar som står for over halvparten av utsleppa frå kollektivsektoren i fylket.

 

Sogn og Fjordane har og alle føresetnadar til å gjennomføre pilotprosjekt i maritim næring med hydrogen som energibærar. Sogn og Fjordane Venstre ser dette som en moglegheit for lokal næringsutvikling og samtidig et bidrag til globale utslippskutt.

 

Venstre støttar at :

  • Sogn og Fjordane fylke blir utvikla som ein hydrogenregion
  • Sogn og Fjordane vert vald til å gjennomføre pilotprosjekt i maritim næring.
  • Sogn og Fjordane får etablert ein infrastruktur av fyllestasjonar for potensielle brukargrupper
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**