Kampen mot plast i havet

Venstre i Sogn støttar fullt og heilt opp om regjeringa og Venstre si styrking av innsatsen mot plastforureining., Foto: Wikimedia Commons

Plast er eit stort og aukande miljøproblem. Vi veit lite om konsekvensane av at våre matkammer blir fyllt opp med plast. Venstre i Sogn støttar fullt og heilt opp om regjeringa og Venstre si styrking av innsatsen mot plastforureining.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

I årets budsjett er tiltak mot marin forsøpling, t.d strandrydding, auka til 70 millionar kroner. Plast på avvege blir ikkje brote ned, men blir til ørsmå partiklar av mikroplast. Fuglar og dyr får i seg både vanleg plast og mikroplast, eller dei blir «fanga» i anna avfall.

«Plastkvalen» – den stranda Gåsenebbkvalen som blei funnen med magen full av plast, har vore ein sterk vekkar. 25% av den norske befolkninga har samla plast i løpet av det siste året. Dette er ein enorm frivillig innsats, som viser at folk bryr seg og er villig til å gjere sitt for eit reint og friskt miljø. Også her i Sogn har mange enkeltpersonar, lag og organisasjonar, skular og barnehagar delteke.

Frivillige kan ikkje åleine ta opp kampen mot plasten, men innsatsen er likevel eit viktig bidrag. Samstundes må meir midlar gå til forsking på kva konsekvensar plasten har for natur og miljø, og det må stimulerast til mindre bruk alternativ til fossil plast, frå næring og forbrukarar.

Venstre-laga i Sogn støttar Venstre og regjeringa sin kamp mot plast. Venstre vil:

  • Gjennomføre eit kunnskapsløft for havet
  • Ta i bruk ny teknologi for opprydding og rensing av plast i havet
  • Stille krav til utsortering og materialgjenvinning av plast og matavfall frå hushald og liknande avfall frå næringslivet
  • Samarbeide med kommunane om oppfølging av handlingsplanen mot mikroplast.
  • Forbetre kontrollen med avfall innan skipsfart, fiskeri og oppdrett, bl.a styrke mottakssystemet for avfall frå skip i norske hamner.
  • Vidareutvikle ordninga for innmelding av tapt fiskereidskap og innføre ei tydeleg merking av fiskeutstyr.
  • Halde fram arbeidet med å rydde opp i massane på sjøbotnen i havne- og fjordområde som er sterkt forureina av miljøgift.
  • Sikre god oljevernberedskap, havariberedskap, slepebåtkapasitet og overvaking av kystmiljøet.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**