Hordaland Venstre reagerer på politiaksjon mot familie i kyrkjeasyl

For kort tid sidan vart ein afghansk familie henta ut av kyrkjeasyl på Fitjar. Familien hadde mange problem og venta på å få prøvd saka si på nytt i det norske rettssystemet. Hendinga har vekt mange reaksjonar, både på grunn av maktbruken og det at politiet trengde seg inn i eit for det aktuelle trussamfunnet, og lokalsamfunnet, heilag rom.

Kyrkjeasyl er ikkje ein juridisk rett, men er ein norsk tradisjon som kviler på respekt for det det enkelte trussamfunn opplever som heilag. Kyrkjeasyl er ikkje noko det enkelte trussamfunn tilbyr, men noko enkeltmenneske i naud kan påberope seg med å opphalde seg i eit slik rom. Trussamfunnet veljer sjølv om dei vil støtte asylantane med mat og anna praktisk hjelp. I nokre tilfelle gjer dei det, i andre ikkje.

Både biskop Halvor Nordhaug og Norges Kristne Råd har reagert sterkt på hendinga og meiner at politiet her har utøvd makt inne i eit religiøst rom, i strid med kyrkjeasyl-tradisjonen.

Kyrkjeasyl har mange sider, men det å bryte ned kyrkjeasyl-tradisjonen kan ha store konsekvensar for forholdet mellom ulike trussamfunn og stat. Den unge familien var neppe ein slik trussel mot vårt samfunn at slik maktbruk, på tvers av norsk tradisjon, kan legitimerast.

Hordaland Venstre ønskjer at justisministeren skal ta fatt i denne saka og bidra til at norsk politihandverk igjen samsvarer med norske tradisjonar for humanitet og rett til religionsutøving

Les om saka i Bergens Tidende 01.03.18

Vårt Land har også skrive om saka

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**