Jan Henrik Nygård med innlegg på Landsmøte

Foto: Venstre

No er det kun 20 månader igjen til vi forhåpentlegvis har den første hydrogendrevne hurtiggåande passasjerbåten i rute på vestlandet, nærmare bestemt ei pendlarrute mellom Florø og Måløy.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

Kvifor nett her kan det vere nokon som spør seg. «Alle» har jo planar og ønsker for nullutsleppsløysingar der Hydrogen er sentralt. Svaret på det er at i Sogn og Fjordane har vi fleire naturgitte fortrinn, og dei kan ingen ta frå oss, vi har eit næringsliv fullt av innovasjon, investeringsvilje, galskap og risikovilje som vil bidra til å løfte Norge inn i framtida. Den største leverandøren i Norden av it-løysingar til kraftbransjen ligg ikkje i Oslo, men i Sunnfjord, det er ikkje tilfeldig, dei ligg nært fagmiljøa som driv kraftproduksjon. Alle er innforstått med at veksten i havrommet vil fylle det tomrommet som kjem når oljeaktiviteten vert redusert og vi er på plass.

Rein Hydrogen blir framstilt gjennom elektrolyse med straum frå fornybar energi som vasskraft, bølgjekraft og vindkraft. Regn og vind har vi nok av. Før var det eit dårlig salsargument å reklamere for mykje regn og vind, men sanninga er at reiselivet i Sogn og Fjordane, ja heile Vestlandet, tilbyr eigne opplegg for ei stadig veksande gruppe turistar som nettopp er på jakt etter ekte saker. Regn, vind, vakker natur, kortreis mat og drikke saman med alt anna vi har å by på. Om vi i tillegg byr på transport med nullutslepp over heile linja så vil ikkje det berre gagne Sogn og Fjordane, men heile Vestlandet, heile landet, ja heile verda vil nyte godt av om Norge, dvs regjeringa, som venstre endeleg er blitt ein del av, seier at no blir vi med på å utvikle gode Hydrogenløysningar i Sogn og Fjordane.

Vi var tidlig ute med LNG, først ute med landstrømanlegg, først ute med å ta i bruk el ferjer. Frå 2015 sidan Ampere vart sett i drift er det no 20 el-ferjer i bestilling og det første heilelektriske ferjesambandet er blitt verkelegheit.

Om ein let offentleg investering i infrastruktur og tenestetilbod i større grad bli styrt av kor det skjer verdiskaping og innovasjon, hadde vi kanskje sett ei anna fordeling. Det gjer ein best ved å satse icdet området naturen sjølv har peikt på.

 

Til neste år er det val, tilretteleggingsjobben for gode velferdssamfunn og næringslivsvekst vert gjort i kommunane. Gjennom å søkje makt lokalt får Venstre vist kva Venstrepolitikk er i praksis. Eg håpar at 2018 ikkje først og fremst er eit år der vi diskuterer prinsipprogram, men først og fremst leverer gode realpolitiske løysingar for kommunane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**