Nominasjonsarbeidet – forslag på kandidatar til Fylkestingvalet 2019

pensumbok
Foto: freeimages.com

Den felles nominasjonsnemnda for Sogn og Fjordane Venstre og Hordaland Venstre har starta sitt arbeid og ber i første runde lokallaga og sideorganisasjonane om å kome med forslag på minimum tre namn til Fylkestingvallista for 2019. Nominasjonsnemnda ønskjer tilbakemelding innan 27. april. Send inn forslaga innan fristen på e-post til [email protected] eller [email protected]

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

Vi ønskjer ein open prosess der alle medlemmer og sympatisørar har høve til å melde inn forslag til kandidatar. Lokallaga vert difor oppmoda om å ha open prosess i eigen kommune også. Det er høve til å gjere framlegg om kandidatar som på framleggstidspunktet ikkje er medlemmer i Venstre. Nominasjonsnemnda ber om at kandidatar frå eige lag er spurde om dei ønskjer vere kandidat, og at laga legg ved kontaktinfo og litt personalia for desse. Lokallaga kan på eige initiativ samlast og finne kandidatar saman. Dersom kandidatar ikkje er spurde, ber vi om at dette vert nemnt.

 

Komiteen tek sikte på å kome tilbake til lokallaga i mai med ei oversikt over dei innkomne forslaga med aktuelle kandidatar. Lokallaga får då til oppgåve og prioritere kandidatar utifrå denne lista. Lokallaga gjerast merksam på at sidan både medlemmer og ikkje medlemmer kan komme med forslag til kandidatar er alle framlegg like teljande.

Medlemmene i nominasjonsnemnda frå Sogn og Fjordane Venstre er:

  1. Gunvald Ludvigsen, Eid
  2. Vigdis Tonning, Jølster
  3. Eva Ramstad, Sogndal
  4. Marit Barsnes Krogsæter, Flora
  5. Unge Venstre: Anne Kristin Sundal

Medlemmene i nominasjonsnemnda frå Hordaland Venstre er:

  1. Peder Lofnes Hauge, Bergen
  2. Ingebjørg Winjum, Granvin (Voss)
  3. Synnøve Handeland, Kvinnherad
  4. Kjersti I. Vevatne, Venstrekvinnelaget
  5. repr. Unge Venstre (ikkje utpeika enda)

Dato for Nominasjonsmøtet er ikkje fastsett enda, men vert hausten 2018.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**