Breie gjennomslag for Sogn og Fjordane

Foto: Venstre

– Sogn og Fjordane Venstre har fått gjennomslag for ei rekkje viktige saker på Venstres landsmøte i helga. Vi har fått på plass ein sterkare og meir offensiv distriktspolitikk. Det er ekstra viktig no når Venstre har blitt regjeringsparti, seier fylkesleiar Jan Henrik Nygård.

 

Nygård har leia Sogn og Fjordane-delegasjonen. Venstres landsmøte har vedteke politikk på fleire område som er viktige for Venstre: Skule, kultur, miljø og klima, inkludering og sosialpolitikk. Landsmøtet vedtok også ei eiga fråsegn om distrikts- og regionalpolitikk, etter framlegg frå Sogn og Fjordane Venstre.

 

Nygård trekkjer fram følgjande saker som særleg viktige gjennomslag for Sogn og Fjordane Venstre på landsmøtet:

 

– Ja til utjamning av nettleige

– Vidare trykk på utflytting av statlege arbeidsplassar

– Styrking av senter-satsing også i distrikta

– Merkur-ordninga skal halde fram (for å sikre butikkar i distrikta)

– Sterk satsing på rassikring, ferjeavløysing og miljøvenlegg transport på sjøen

– Støtte til Vestlands-landbruket

– Auka matproduksjon frå havet

 

Heile fråsegna om distrikts- og regionalpolitikk kan lesast her

 

Andre vedtekne fråsegner finn du her

Kontaktinformasjon:

Jan Henrik Nygård, leiar i Sogn og Fjordane Venstre, mobiltlf 480 13 161.