Uttalelse: Løft for heile landet

Venstres landsmøte ser med forventing fram til at den nye blågrøne regjeringa skal bidra til at folk kan skape gode liv i både by og distrikt.

Venstres landsmøte ser med forventing fram til at den nye blågrøne regjeringa skal bidra til at folk kan skape gode liv i både by og distrikt. Med Venstre i regjering vil vi framleis halde eit godt tak i dei store utfordringane for framtida innan spesielt klima og miljø, skule, barnefattigdom og nye arbeidsplassar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

Uttalelse fra Venstres landsmøte på Jessheim 2018
Den nye regjeringa vil bygge og halde ved like veg og bane gjennom ein rekordstor Nasjonal Transportplan (Foto: iStock)

Eit taktskifte innan grøn omstilling og satsing på innovasjon, gründerar, små og mellomstore bedrifter er viktig for distrikta. Ikkje minst vil ei styrka satsing på bioenergi generelt og biodrivstoff spesielt gi store moglegheiter for skognæringa. Den nye regjeringa vil også bygge og halde ved like veg og bane gjennom ein rekordstor Nasjonal Transportplan og sikrar at det framleis blir bygd ut breiband og fiber over heile landet. Venstre ser moderne høgfartsbanar som eit avgjerande viktig samfunnsmessig grep for å binde Norge tettare saman, knytte oss betre og raskare til våre naboland og Europa, redusere avstandsulemper, bygge større bu-, arbeids- og kompetanseområde, styrke distrikta og samfunns- og næringsutviklinga over heile landet, samstundes som det vil bidra sterkt til å redusere norske klimautslepp. Vi har òg tru på regjeringa sine reformar for å flytte meir makt og mynde til dei folkevalde i fylka og kommunane. Det nye regionale nivået må styrkast med fleire oppgåver og meir ansvar.

Optimisme og utvikling

For å sikre god regional balanse, treng vi ei sterkare satsing på regionsentra og småbyar/større tettstader. (Foto: Narvik / iStock)

Hovedinntrykket er at store delar av distrikts-Norge pregast av optimisme og utvikling. Ei positiv næringsutvikling krev fleire kompetente hovud og hender. Familieansvar, jobb, økonomi og lange avstandar kan gjere det krevjande å ta vidareutdanning. Det må verta enklare å ta sertifiseringskurs, fagskulekurs og teknologisk utdanning for å tilpasse seg ein arbeidsmarknad i endring og eit grønt skifte og vekst. Ved ei betre organisering av studiesentre og studieklyngjer kan ein leggje til rette for fleire lærarar, førskulelærarar, sjukepleiarar og vernepleiarar over heile landet.

For å sikre god regional balanse, treng vi ei sterkare satsing på regionsentra og småbyar/større tettstader. Kunnskap og verkemidlar for attraktiv og berekraftig byutvikling knyter seg i dag i hovudsak til storbyane. Også dei små og mellomstore må henge med i byutviklinga.

Næringsliv

Berekraftig matproduksjon er god miljøpolitikk og god distriktspolitikk. Venstre ynskjer å styrkje og betre utnyttinga av ressursane. (foto: iStock)

Berekraftig landbrukspolitikk er både god miljøpolitikk og god distriktspolitikk. I samarbeid med næringa og ved hjelp av dei landbrukspolitiske verkemidla ynskjer Venstre å styrkje og betre utnyttinga av ressursar i landbruket. Potensiale for innovasjon er stort. Det må støttast opp om initiativ for å redusere klimagassutslepp og avrenning, tiltak for å sikre biologisk mangfald i jordbrukslandskapet, samt nye måtar å produsere energi.

Fiskeri- og havbruksnæringa sikrar verdiskaping og sysselsetjing langs heile kysten, og skaper store ringverknadar i annan industri både lokalt, regionalt og nasjonalt. Moglegheitene som ligg i havet må utforskast . Auka matproduksjon, meir fôrråvarer og utvikling av nye marine produkt innafor ernæring, helse, kosmetikk og energi gjev store moglegheiter for framtida.

Les også: Grønn distriktsutvikling

Det grønne skiftet

Venstre vil starte med å gi betre vilkår for småskala fornybar energiproduksjon i form av solcellepanel, småskala biogassanlegg og ein strategi for biokol.

Distrikta og landbruket har store moglegheiter for å bidra i det grøne skiftet på mange måtar. Både meir fornybar energi, redusere klimautslepp og bidra til meir grøn, biologisk industri. Venstre vil starte med å gi betre vilkår for småskala fornybar energiproduksjon i form av solcellepanel, småskala biogassanlegg og ein strategi for biokol.

Kraftkrevjande industri bidrar til mange arbeidsplassar i distrikta. Industrien ligg nært vasskraftverka våre, og er hjørnesteinsbedrifter i mange lokalsamfunn. Næringa har eit stort potensial og gode forutsetningar for å vere ein del av løysninga på klimaproblemet, i tillegg til å sikre aktivitet og verdiskaping i distrikta. Næringa må sikrast tilgong til rein kraft, kompetanse og utviklingsmoglegheiter hvis vi skal nå vårt mål om grøn industriproduksjon i verdsklasse.

For å sikre vidare utvikling og vekst i distrikta trengst fleire gode virkemiddel:

  • arbeidet med kommune- og regionreform må halde fram. Gjennom reformene må oppgåver og makt flyttast frå staten til kommunane og fylkeskommunane
  • flytte fleire statlege kompetanseoppgåver til regionane
  • sørgje for midlar til rassikring av veg, vidare satsing på jernbane, ferjeavløysing og fleire ladepunkt for elbilar over heile landet
  • satse på fjorden som transportåre med miljøvennlege, utsleppsfrie båtar.
  • Nasjonal Transportplans vedtak om høghastigheitsbaner må følgjast opp
  • iverksette strekningsvise utgreiingar og forsere planarbeidet slik at det er mogleg å fatte vedtak om bygging av ein eller fleire høgfartsbanar i løpet av stortingsperioden
  • greie ut korleis det regionale busstilbodet kan styrkast med fossilfrie eller nullutsleppsbussar, der det ikkje er togtilbod
  • meir midlar til flaum- og rasutgreiing av bustadområde
  • sikre eit høgt tempo i utbygginga av breiband og mobilnett. Gje fylka ansvar for at det blir etablert breibandsplanar i alle kommunar
  • gi statlige tilskot til breibandsutbygging i distrikta
  • legge til rette for små og mellomstore gardar og sikre rein mat
  • Sikre høg dyrevelferd og norsk matproduksjon over heile landet
  • følgje opp jordvernstrategien
  • jobbe for at fleire distriktskommunar vert attraktive busettingskommunar for flyktningar og arbeidsinnvandrarar
  • styrke regionsentra gjennom etablering av statlege arbeidsplassar og satsing på næringsklyngjer, innovasjon og gründerar
  • legge til rette for at statlege tilsette i større grad kan behalde jobben ved flytting, så sant det ikkje går ut over vedkommande sine arbeidsoppgåver
  • halde fram med å gje kommunane økonomisk handlingsrom slik at dei kan yte gode tenester
  • å gje gode nok tenester innan helse- og velferdssektoren vil bli ein utfordring i både store og små kommunar framover. Rett teneste på rett nivå og innovasjon vil bli prioritert. Det enkelte innbyggjar skal alltid stå i sentrum
  • sikre kraftkrevjande industri tilgong på rein kraft, støtte realiseringa av lavutsleppsteknologi og støtte realiseringa av rein produksjonsteknologi i alle dei største norske industrigreinene
  • stimulere til kultur-og reiselivsnæringa i distrikta for kunst-, natur- og historieformidling av vår rike kulturarv
  • satse på regionale utviklingsmidlar for å legge til rette for nettverk og kompetanseutvikling, bl.a innanfor tettstadutvikling
  • stimulere til fungerande bustadmarknader med varierte bustadtilbod over heile landet
  • ein stor og moderne kystflåte som sikrar høg verdiskaping på land ved å levere fersk marint råstoff av høy kvalitet på land hele året
  • styrke NRK som allmennkringkastar med desentraliserte redaksjonar og sendeflater
  • legge til rette for statlege stimuleringsmidlar for gang- og sykkelvegsatsing i mindre byar og tettstadar
  • finne løysingar for jamnare nettleige i landet
  • at Merkur-ordninga skal bestå
  • fjerne gebyret på 15 000 kr for å delta i el-sertifikatordninga for små anlegg (under 100 kW)
  • heve dagens tilskot til solcelleanlegg til bygg i landbruket til 100 000 kr.
  • etablere eigen tilskotsordning for småskala biogassanlegg retta mot landbruket
  • Etablere ein biokol-strategi for Norge
  • Sette av meir midlar til forsking og innovasjon retta mot klimatiltak i landbruket
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**