Satsing på små og mellomstore gardsbruk!

Venstre vil ha landbruk i hele landet., Foto: Steinar Bleken

Venstre arbeider for eit miljøvenleg og berekraftig landbruk og stemde for målet i den vedtekne landbruksmeldinga om auka matproduksjon på norske ressursar. Vi lever i ei ustabil tid som påverkar matproduksjonen i verda, med endringar i ver og temperatur, med krigar, konfliktar, folkeauke og miljørelaterte utfordringar. I den situasjonen er ein nasjonal matproduksjon særleg viktig. Difor må det leggjast til rette for ei stabil utvikling av det norske landbruket.

I samband med årets jordbruksforhandlingar er det eit særs viktig mål å oppretthalda bruksstrukturen. Innsatsen framover må i større grad vera retta mot små og mellomstore gardsbruk. Dette er av stor betydning for busetnad og sysselsetjing i distrikta. Og det er viktig for å oppretthalda ein desentralisert matproduksjon, og for å nytta jordressursane langs fjordane våre og i lokalsamfunn elles rundt i heile landet. Dessutan utgjer desse bruka ein betydeleg del av den totale produksjonen i landbruket, og er såleis viktige i høve til målet om auka matproduksjon på norske ressursar.

Ein desentralisert bruksstruktur ivaretek kulturlandskapet. Eit velstelt kulturlandskap er avgjerande for vidareutvikling av turisme og reiseliv som er eit nasjonalt satsingsområde. Framtidig utvikling i landbruket vil vera svært viktig for i kva grad reiselivet kan nytta sitt utviklingspotensiale, også i distrikta.

Det må òg vera eit mål å stimulera til auka dyrking av økologiske matvarer. Og det må leggjast til rette for å produsera meir frukt, bær og grønsaker, som kan vera ein aktuell produksjon for små og mellomstore bruk der det er høveleg klima.

Fråsegn vedteke av fylkesstyret 7.5.2018

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**