Kven bør få Hordaland Venstre sin miljøpris for 2018?

Illustrasjon: venimo / creativemarket.com

Kvart år deler Hordaland Venstre ut ein miljøpris på/rundt den internasjonale Miljødagen 5. juni. No oppmodar vi medlemmene til å kome med framlegg på verdige kandidatar for 2018. Prisen kan gå til ein person, ei bedrift eller ein organisasjon.
Fylkesstyret er jury for kåringa.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

Som retningsliner for juryen sitt arbeid, har Hordaland Venstre utarbeidd desse statuttane:

Prisen kan tildelast den/dei som har sett i gang eller gjennomført prosjekt for å ta vare på verdifulle naturområde, nærmiljø, klima, kulturlandskap, kulturmiljø eller matjord.
Prisen kan tildelast den/dei som har sett i gang eller gjennomført miljøprosjekt i eigen organisasjon t.d. energiøkonomisering.
Prisen kan tildelast den/dei som har sett i gang eller gjennomført miljøprosjekt for å skapa bærekraftige lokalsamfunn.

Framlegg på kandidater sendast fylkessekretær Gro Gjelsvik på e-postadresse: [email protected]

Frist er 27. mai 2018

Framlegget ditt må ha ei grunngjeving med litt nærare informasjon om kandidaten.

Desse har fått prisen dei siste åra:

2017 – Forskarar ved UiB (dei med “plasthvalen”)
2016 – Lund Hovedgård AS Bioretur
2015 – Bærekraftige liv på Landås
2014 – Bildeleringen i Bergen
2013 – Besteforeldrenes Klimaaksjon
2012 – Bedrifta Bergen Engines AS
2011 – Bedrifta Den Grønne Sykkel
2010 – Ungdomsråda i Granvin og Ulvik
2009 – M/S Snarveien

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**