Velkomen til samling for “Vestland” Venstre i Bergen 22. – 24. juni!

LPN-samling for Hordaland og Sogn og Fjordane Venstre i Flåm juni 2015, Foto: Sogn og Fjordane Venstre

Helga 22. – 24. juni vert det lokalpolitisk nettverkssamling for Hordaland og Sogn og Fjordane Venstre i Bergen. Den same helga møtast Venstres sentral- og landsstyre i byen. Dette vert difor ein unik sjanse til å møte mange engasjerte Venstre-folk frå heile organisasjonen!

Meld deg på allereie i dag! Sjå praktisk informasjon nederst i artikkelen.

Stad: Strandgaten 196, Bergen

Målgrupper
Samlinga er sjølvsagt ope for alle interesserte medlemmer frå begge fylka, men er kanskje spesielt aktuell for alle våre folkevalde, lokallagsleiarar, andre lokalt tillitsvalde, fylkesstyremedlemmer, nominasjons- og programnemnder og folk som ønskjer å stille på liste ved valet neste år.

Program
Programmet for samlinga må koordinerast med program for landsstyremøtet same helg og er difor enno ikkje heilt spikra med alle klokkeslett og rekkjefølgje på alle innlegg/tema, men denne grovskissa vil gi ein førebels peikepinn på kva deltakarane kan forvente.

Fredag 22. juni

17:00 Registrering med kaffi og rundstykke

17:30 Opning ved fylkesleiarane

Innspel til fylkesvalprogrammet. Utvalde innlegg. Debatt.

Utdeling av årets miljøprisar frå dei to fylkeslaga fredag kveld eller tidleg laurdag.

Trine Skei Grande, Ola Elvestuen og Terje Breivk

19:30 – 23:59 Middag og minglefest saman med Venstres sentralstyre og mange aktive medlemmer på Marineholmen Makerspace. Les meir om kva dette er for ein stad her. Eige arrangement med eiga påmelding! Fylkessekretærane har info.

Laurdag 23. juni

09:00 Velkomen til dag 2 – Opning ved fylkesleiarane

09:30 Helsing frå Terje Breivik «Venstre i regjering, snart lokalval – kva no?»

10:00 Torild Skogsholm, sekretariatsleder for Venstre på Stortinget, «Korleis samarbeide som parti no når vi er i Regjering

10:45 – 11:30 Workshops/parallellsesjonar, 2 ulike grupper. Tema: Gruppe 1: Arbeid lokalt – lokallag, nettsider, listestilling, programarbeid mm. Gruppe 2: Veljardialog – korleis vere synleg/media/SoMe

12:00 Partileiar Trine Skei Grande taler til landsstyret på Hotel Neptun – streames

13:00 Lunsjpause og vere synleg i Bergen sentrum saman med medlemmer frå Bergen Venstre. Dei skal ha stand på Torgalmenningen. Ta med grønn Venstre-jakke og t-skjorte om du har!

14:00 Regionreform – Terje Breivik innleier

Fleire innleiingar og debatt om regionreform, klima, næring og statlege arbeidsplassar

15:30 Workshops/parallellsesjoner, 2 grupper som tidlegare på dagen, deltakarane bytter gruppe

16:15 Kaffipause

16:30 Innleiing/kurs om Venstre – barnas parti, ved Geir Kjell Andersland
Del 1 Castberg – kampen om barnelovene (seinare i haust del 2 Barnekonvensjon og del 3 Venstre- Dagens utfordringar)

18:45-ish Møteslutt

19:00 Middag og sosialt program – i Storsalen på Nordnes Bydelshus på Klosteret – 300 m unna.
Kulturelle innslag og medieoppslagskonkurranse.

Søndag 24. juni

09:00 Velkomen til dag 3

Innleiing frå stortingsrepresentant Abid Raja om 8-prosents-partiet Venstre

09:30 Korleis få eit best mogleg fylkesårsmøte?
Fylkesårsmøte Vestland Venstre i feb 2019 – oppkjøring til valet
Innleiingar og debatt. Innspel til felles handbok for komande årsmøter.

11:20 Kjapp pause med en matbit

11:30 Kampanjearbeid ved Helene Skulstad (VHO)

Paneldebatt: Korleis lykkast med valkamp? – Lokale innleiarar

12:30 Oppsummering av samlinga og slutt

Velkomen!

Påmelding og praktisk informasjon

Påmelding til på e-post til [email protected] snarast mogleg

Merk! Grunna god påmelding i begge fylke har vi pr. 8. juni ikkje fleire hotellrom å tilby deltakarane! Dei som melder seg på dei siste 14 dagane før samlinga må mest sannsynleg skaffe seg overnatting sjølv om dei treng det.

(Vi har reservert nokre rom på Comfort Hotel Holberg fredag og på Clarion Hotel Admiral laurdag (nå fullbooka). Begge i kort gåavstand frå møtelokala.)

Pris: Deltakaravgift/eigenandel for deltakarar frå Hordaland er 400 kr. Dette inkluderer alle måltid i løpet av helga, bortsett frå middagen fredag som er eit eige arrangement med eiga påmelding og pris (FB-event kjem).

Deltakarar som bur utanfor Bergen har mogelegheit til å få hotellovernatting inkludert i egenandelen (dekka av Hordaland Venstre) om ein ikkje kan overnatta privat i Bergen. Gi beskjed til fylkessekretær Gro!

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**