Velkomen til samling for «Vestland» Venstre i Bergen 22. – 24. juni

LPN-samling for Hordaland og Sogn og Fjordane Venstre i Flåm juni 2015, Foto: Sogn og Fjordane Venstre

Helga 22. – 24. juni vert det lokalpolitisk nettverkssamling for Hordaland og Sogn og Fjordane Venstre i Bergen. Den same helga møtast Venstres sentral- og landsstyre i byen. Dette vert difor ein unik sjanse til å møte mange engasjerte Venstre-folk frå heile organisasjonen!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

Meld deg på allereie i dag til [email protected] ?

Stad: Strandgaten 196, Bergen

Målgrupper
Samlinga er sjølvsagt ope for alle interesserte medlemmer frå begge fylka, men er kanskje spesielt aktuell for alle våre folkevalde, lokallagsleiarar, andre lokalt tillitsvalde, fylkesstyremedlemmer, nominasjons- og programnemnder og folk som ønskjer å stille på liste ved valet neste år.

Program
Programmet for samlinga må koordinerast med program for landsstyremøtet same helg og er difor enno ikkje heilt spikra med alle klokkeslett og rekkjefølgje på alle innlegg/tema, men denne grovskissa vil gi ein førebels peikepinn på kva deltakarane kan forvente.

Fredag 22. juni

17:00 Registrering med kaffi og rundstykke (Folk frå Sogn og Fjordane kjem til etter kvart som dei har høve)

17:30 Opning ved fylkesleiarane

Innspel til fylkesvalprogrammet. Utvalde innlegg. Debatt.

Trine Skei Grande, Ola Elvestuen og Terje Breivk

19:30 – 23:59 Middag og minglefest saman med Venstres sentralstyre og mange aktive medlemmer på Marineholmen Makerspace. Les meir om kva dette er for ein stad her.

Laurdag 23. juni

09:00 Velkomen til dag 2 – Opning ved fylkesleiarane

09:30 Helsing frå Terje Breivik «Venstre i regjering, snart lokalval – kva no?»

10:00 Torild Skogsholm, sekretariatsleder for Venstre på Stortinget, «Korleis samarbeide som parti no når vi er i Regjering

10:45 – 11:30 Workshops/parallellsesjoner, rullering med ulike tema: nettsider, lokallag, veljardialog – korleis vere synleg/media (3 grupper)

12:00 Partileiar Trine Skei Grande taler til landsstyret på Hotel Neptun – streames

13:00 Lunsjpause og eventuelt vere synleg i Bergen sentrum saman med medlemmer frå Bergen Venstre

14:00 Program startar igjen

Element/tema vi ønskjer å få inn på programmet:

  • StortingsrepresentantAndré Skjelstad om regionreform (40 min – 1 time)

Fleire innleiingar og debatt om regionreform, klima, næring og statlege arbeidsplassar

  • Workshops/parallellsesjoner, rullering med ulike tema (som tidlegare på dagen)

16:30 Innleiing/kurs om Venstre – barnas parti, ved Geir Kjell Andersland
Del 1 Castberg – kampen om barnelovene (seinare i haust del 2 Barnekonvensjon og del 3 Venstre- Dagens utfordringar)

18:45-ish Møteslutt

19:00 Middag og sosialt program – ute i det fri om vêret tillet det på Sankthansafta
Medieoppslagskonkurranse.

Søndag 24. juni

09:00 Velkomen til dag 3

Innleiing frå stortingsrepresentant Abid Raja om 8-prosents-partiet Venstre

09:30 Korleis få eit best mogleg fylkesårsmøte?
Fylkesårsmøte Vestland Venstre i feb 2019 – oppkjøring til valet
Innleiingar og debatt. Innspel til felles handbok for komande årsmøter.

Andre tema denne dagen:

  • Samkøyring av nominasjons- og programprosessar mot val 2019, lokalt og i fylket/den nye regionen
  • Kampanjearbeid ved Helene Skulstad (VHO)
  • Korleis lykkast med valkamp? – Lokale innleiarar

12:30 Oppsummering av samlinga og slutt

Velkomen!

Påmelding og praktisk informasjon

Påmelding til på e-post til [email protected] innan fredag 1. juni.

Vi har reservert nokre rom på Comfort Hotel Holberg fredag og på Clarion Hotel Admiral laurdag. Begge i kort gåavstand frå møtelokala.

Pris: Deltakaravgift/eigenandel for deltakarar frå Sogn og Fjordane er 750 kr. Dette inkluderer overnatting to dagar, alle måltid i løpet av helga, bortsett frå middagen fredag som er eit eige arrangement med eiga påmelding og pris (FB-event kjem).

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**