Makt og oppgåver til distrikta

Styret i nye Sunnfjord Venstre. F.v. Birgit Tansøy, Eivind Husabø, Åge Avedal, Anne Mette Hjelle og Vigdis Tonning, Foto: Sunnfjord Venstre

“Potensialet for å flytte makt og oppgåver gjennom regionreforma er stort,” meiner styret i Sunnfjord Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

Er regionreforma i ferd med å bli ei reform for reformas skuld, der distrikta står igjen som taparen? Eller blir det ei demokrati-reform, der statlege oppgåver og makt blir flytta frå Oslo og ut i heile landet?

Potensialet for å flytte makt og oppgåver gjennom regionreforma er stort. Dette vil gje regionane kraft til utvikling og vekst, og skape motmakt til Oslo. Venstre og KrF har vore dei ivrigaste forkjemparane for reforma, men som lokalpolitikarar i Venstre meiner vi at ein har starta i feil ende. Innhaldet i dei nye regionane skulle vore kjent før ein teikna kartet. Når dette vart gjort i motsett rekkefølgje må Regjeringa sørgje for at visjonane til regionreforma blir etterlevd gjennom oppgåvemeldinga som kjem i Stortinget i midten av oktober. Det er då vi faktisk får sjå kva oppgåver som blir flytta frå staten til fylka. Og er ikkje meldinga god nok må Stortinget fylle på med meir.

Det er viktig at reforma faktisk medfører desentralisering. Då må makt og oppgåver ikkje berre flyttast til Bergen, eller Tromsø for den saks skuld, men også til mindre stader som Førde, Eid og Sogndal, eller Alta, Kirkenes og Vadsø. Regjeringa må følgje opp dei gode intensjonane gjennom klare krav til etatane som skal gjennomføre endringane: Distrikta må bli styrka.

Dagens fylkeskommunar har ansvar for vidaregåande opplæring, tannhelsetenesta, fylkesvegar og offentlege rutetilbod, i tillegg til oppgåver innan kultur og næringsutvikling. Det såkalla Ekspertutvalet har kome med forslag om mange nye oppgåver som kan flyttast frå staten til fylka. Utvalet har peika på oppgåver innan landbruk, kultur, integrering, klima og miljø, samferdsle, forsking og næringsutvikling, som i sum vil bety at tusenvis av arbeidsplassar blir flytta frå stat til fylke. Føresetnaden for dette er regionar av ein viss storleik.

Tanken om og viljen til å skape sterkare fylkeskommunar i landet er ikkje ny. Skiftande regjeringar har heilt tilbake til slutten av 1980-talet hatt ønskje om å flytte makt frå staten til lokalt folkevalt nivå. Stortinget har sett ned kommisjonar og bestilt offentleg utgreiingar i fleire rundar. Vi vil minne om at ei endring av fylkeskommunane også har vore klar politikk frå Arbeiderpartiet og frå Senterpartiet, som i dag er den fremste motstandaren av regionreforma. Ola Borten Mo slo på midten av 2000-talet fast at sju regionar var passeleg, medan kommunalminister Åslaug Haga gjekk inn for ni.

Høgre og FrP har historisk ikkje vore dei ivrigaste forkjemparane for større og sterkare regionar. Deira mål har vore å avvikle fylkeskommunane og flytte oppgåvene til staten og kommunane, og då gjerne til større kommunar enn mange av dagens. Vi skal også ha med oss at det var eit einstemmig Storting som bad Regjeringa sette i gang eit arbeid med å gå gjennom oppgåvene til fylkeskommunane i 2015.

Det at prosessen med å bygge opp regionane er kome dit den er i dag er resultat av arbeid over lang tid, og ikkje berre eit hastig påfunn frå eit par småparti. For Venstre sin del handlar dette om at ein vil flytte ansvar, makt og oppgåver frå staten til fylkeskommunane for å styrke og utvikle regionane og for å gje meg og deg større påverknadskraft.

Norge treng reformar for å kunne sikre velferd og gode tenester og for å kunne møte framtida og eit samfunn i endring. Men reformiveren må ikkje bli så stor at ein ikkje følgjer opp når det kjem til gjennomføringa eller at ein gløymer å ta folket godt nok med i prosessane.

Styret i Sunnfjord Venstre: Åge Avedal, Vigdis Tonning, Eivind Husabø, Birgit Tansøy, Anne Mette Hjelle

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**