Nominasjonsprosessen – felles liste for Vestland Venstre

Den rette stemmeseddel
Valgliste for Venstre, Foto: Joachim Bræk Poppe-Holmdahl

9. september neste år er det kommune- og fylkestingval. Då skal innbyggjarane i det nye storfylket velje 65 representantar til det nye fylkestinget. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har føreslått at valet i 2019 vert gjennomført som om fylkessamanslåinga allereie har funne stad. Hordaland Venstre og Sogn og Fjordane Venstre har derfor lenge arbeidd med å stille felles liste føre valet neste år, sjølv om vi formelt sett ikkje vert eitt samla fylkeslag før 1.1.2020.

Ei felles nominasjonsnemnd er godt i gang med arbeidet. Leiar for nominasjonsnemnda er Peder Lofnes Hauge.

 

 

 

Desse er interessert i ei Topp-5-plassering på lista
Så langt har følgjande personar svart/signalisert at dei ønskjer ei topp-5-plassering på lista (her alfabetisk etter fornavn):

  • Agnes Hoshovde Bernes (ungdomskandidat), Radøy/Alver
  • Anne-Beth Njærheim, Bømlo
  • Daniel Gangeskar, Vågsøy
  • Elizabeth Toft Erichsen, Sund/Øygarden
  • Geir Angeltveit, Stord
  • Geir Kjell Andersland, Bergen
  • Gunhild Berge Stang, Fjaler
  • Sittande representant Alfred Bjørlo, Eid, har svart nemnda at han ikkje ønskjer ei Topp-4 plassering, men at “ein 5. plass er ok om det kan gje ein samla god kabal”.

Alfabetisk liste over innspel på namn
På vårparten vart alle lokallag og sideorganisasjonane oppmoda om å kome med innspel på namn på aktuelle folk til fylkesvallista. Alle innspel er no i haust samla i ei alfabetisk liste med namn som er sendt til lokallagsleiarane.

OPPGÅVE 1 – FOR LOKALLAGA
Nominasjonsnemnda ønskjer no at alle lokallag/sideorganisasjonar har medlemsmøte/styremøte og set opp ei rangert liste med 10 namn.

Det er fint om de klarer å føre opp namn frå begge fylka på denne lista og at den har litt balanse når det kjem til kjønn og geografi.

Frist for å sende inn rangert liste til [email protected] er fredag 12. oktober.

OPPGÅVE 2
Nemnda er framleis interessert i fleire innspel på namn til lista frå alle lokallag – særskilt namn på folk som kan vere aktuelle for plassane bak topp-ti-plasseringa. Vi har denne gangen høve til å stille ei liste med heile 71 namn!

Send innspel på namn til fylkessekretæren på [email protected].

Hugs på å spørje dei som de føreslår først!

Spørsmål til nemnda kan rettast til Peder Lofnes Hauge, [email protected]

—————————————

Listeframlegget vil gjerast offentleg i slutten av oktober, to veker før det felles nominasjonsmøtet for Vestland Venstre som finn stad på Thon Hotel Førde laurdag 10. november.

Alle lokallag må snarast råd tenkje på å kalle inn til lokalt medlemsmøte for å velje delegatar til fylkesnominasjonsmøtet.

Meir detaljer om nominasjonsmøtet sendast lokallagsleiarane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**