Nominasjonsmøte for Hordaland og Sogn og Fjordane Venstre 10. november

Venstre/Flikr

Hordaland og Sogn og Fjordane Venstre arrangerer nominasjonsmøte for fylkesvallista laurdag 10. november kl. 17:00 på Thon Hotel Førde i 6800 Førde. Registrering frå kl. 16:00 (eller tidlegare om ein deltek på LPN-samlinga*).

*Det vert arrangert lokalpolitisk nettverkssamling for begge fylkeslaga same helg og stad og vi tek sikte på å starte opp programmet for samlinga på laurdagen kring klokka 12:00 med presentasjon av førsteutkast til fylkesvalprogram og spørsmål, innspel og debatt til dette. Samlinga held fram søndag 11. november. Meir informasjon om samlinga og program for heile helga kjem.

Innkalling til nominasjonsmøtet er sendt lokallagsleiarar og sideorganisasjonane på e-post.

Lokallaga må i god tid før nominasjonsmøtet arrangere medlemsmøte for å velje utsendingar frå laget. Dei valde utsendingane vil deretter bli kalla inn til nominasjonsmøtet. Delegatane valde av lokallaga må ha medlemsrettar i partiet for å kunne møta på nominasjonsmøtet.

Sjå Hordaland Venstre sine vedtekter her

Hordaland Venstre dekkjer opphald og reiseutgifter for delegatane etter følgjande satsar: Kollektivtransport: etter transportselskapas takstar/satsar, eller eigen bil: kr. 2,50 per km (+ kr 0,50 per km dersom fleire er med i bilen). Nødvendig overnatting på hotell eller liknande: maks 1.250,- per døgn. Skjema vert delt ut i møtet.

Påmelding sendast så snart delegatar er valde og innan 25. oktober til fylkessekretæren med namn og e-postadresser på delegatane og evt observatørar.

Spørsmål kan rettast til fylkessekretær Gro Gjelsvik på [email protected]

Innstillinga til liste frå nominasjonsnemnda offentleggjerast heilt i slutten av oktober.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**