Stopp planane for vindkraftutbygging i Stølsheimen!

Foto: Kjartan Allmenning

Norsk Vindkraft AS har planar om å bygge Europas største vindkraftpark i Stølsheimen. Hordaland Venstre er for ei bærekraftig utbygging av fornybar kraftproduksjon, men meiner at planane slik dei føreligg er langt frå bærekraftige og inneber eit katastrofalt inngrep i sårbar og verdifull natur.

Hordaland Venstre er difor sterkt kritisk til planane om å bygge vindkraftpark i Stølsheimen og i fjella vest for E39 og vil oppmode Norsk Vindkraft AS om å trekkje planane og styresmaktene om å ikkje godta søknaden.

Planane inneber over 300 vindturbinar med éin anleggsveg per turbin og store riggeplassar. Når turbinane er ferdigstilte vil dei være både ei visuell forureining, gi konstant støy og vil kunne påverke lokalt fugle- og dyreliv på ei svært negativ måte.

Hordaland er eit kraftfylke og skal fortsatt være eit kraftfylke. Akkurat som vasskraft er avhengig av regn for å være effektivt så er vindkraft best der det bles. Samstundes skal me verne naturen vår slik at sårbar flora og fauna vert teken vare på og me menneskje fortsatt kan nye fri, urørt natur i våre nærområde. Vindkraft høyrer heime til havs eller der ein allereie har industriutbygging, ikkje i sårbare områder som Stølsheimen.

Hordaland Venstre forventar at planane for vindkraftutbygging i Stølsheimen vert avist når dei skal handsamast på politisk nivå i departement og storting. Hordaland må ta vare på dei urørde naturområda vi har att, og i alle høve ikkje øydeleggja eit av det vakraste og mest sårbare.

Fråsegn frå fylkesstyret 3. oktober 2018

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**