Framtidas cruisenæring i Noreg må vera miljøvennleg, og treng landstraum

M/S Albatros på vei inn Lysefjorden, Av Torsten Kramer - Wikicommons

Fylkesleiar Åsta Årøen har saman med våre byrådår i Bergen, Erlend Horn og Julie Andersland, sendt inn følgjande framlegg til fråsegn til handsaming i Venstres sitt landsstyre kommande helg:

Vi ber regjeringa sikra at landstraum til skip i cruisefart behandlast likt med landstraum til skip i andre næringar, og at den totale innsatsen for å redusere utslepp frå skip blir trappa opp.

Turismen er viktig for Noreg, og er blant næringane som har gode forutsetningar for å vekse og som kan gje sysselsetting og verdiskaping i heile landet når petroleumsnæringa vert redusert. Cruise er ei av formene for turisme som veks raskast og som betyr mykje for næringslivet langs heile kysten. I Noregs største cruisehamn – Bergen – er det venta rundt 330 cruiseanløp i 2018, og endå fleire i 2019 og i 2020.

Men turisttrafikken langs kysten kan ikkje vekse, og kan heller ikkje fortsette som før utan ei rask omlegging til meir miljøvennleg drift. Det gjeld utslepp til sjø, lokal luftforureining og klimagassutslepp frå fossile brensel.

Samla sett er utsleppa til luft mens skipa ligg i hamn om lag 15% av dei totale utsleppa frå cruiseskipa i norske farvatn. Ei omlegging til landstraum for desse skipa vil difor både løyse problema med lokal luftforureining i fjordane og i byer som Bergen, og gje ein betydeleg reduksjon i dei samla klimagassutsleppa frå næringa. Cruiseskipa som vitjar Noreg går frå hamn til hamn i Nord-Europa. I Europa er det til nå det berre Hamburg og Kristiansand som har tilbyr landstraums til cruiseskip. Kristansands anlegg er finansiert med EU-midlar.

Store cruiseskip vert ikkje bygde om for å nytta landstraum om det ikkje er eit tilbod om dette i attraktive cruisehamner. Dei aller fleste cruiseskip som vitjar Noreg, vitjar også Bergen, så eit tilbod om landstraum der vil vera eit viktig bidrag, ikkje berre for betre luftkvalitet i Bergen, men også fordi en då kan krevje ombygging til landstraum for desse skipa, med ringverknader i heile Noreg og Nord-Europa.

Enova gjev støtte til landstrømsanlegg i norske hamner, og Bergen hamn har søkt om slik støtte ved fleire høve, utan å nå opp i konkurransen. Det skuldast høge kostnader med å bygge store anlegg for høg kapasitet utan å påverke kulturminna i Bergen, men det skuldast også at cruiseskip er gitt dårlegare utteljing i konkurransen enn andre skip, mellom anna supplybåtar som nyttast i petroleumsnæringa. I Bergen hamns nye søknad er mykje av dette misforholdet retta opp.

Denne problemstillinga tok Venstre opp på Stortinget i samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2018. I eit tilrådingsvedtak som Venstre fekk fleirtal for heiter det (Vedtak nr. 49, 4. desember 2017):

«Stortinget ber regjeringen sikre at mandatet til Enova også omfatter utbygging av landstrøm for cruiseskip i kommunal eller privat regi.»

Landstraum er berre eit av mange tiltak for ein grønare maritim sektor, men det er eit heilt naudsynt tiltak for bringe næringa eit steg vidare i miljøvennleg retning. Difor krev vi at regjeringa sikrar at landstraum til skip i cruisefart behandlast likt med landstraum til skip i andre næringar, og blir finansiert på eigna måte.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**