Kampen er ikkje over før alle bur er tomme!

Lene Røkke Mathisen, Haugesund Venstre

Lene Røkke Mathisen fra Haugesund Venstre hold i dag appell under NOHAs fakkeltog mot pels i Haugesund. Les appellen her:

I 28 år har NOAH stått på for å betre dyr sine rettar og ikkje minst for å få avvikla pelsdyroppdrett ein gong for alle. Me er samla her i dag for å vise at me bryr oss og at me ikkje gir oss før det siste buret er tomt for rev og mink.

Pining og plaging av dyr

Spørreundersøkingar som mellom andre Dyrevernalliansen har gjennomført syner at eit stort fleirtal av Norges befolkning vil ha slutt på pelsdyroppdrettet – folk flest forstår at denne typen husdyrhald ikkje er anna enn pining og plaging av dyr for å produsere eit produkt som eigentleg ingen har bruk for. Og når ein kan lese at det er vanleg å ha mellom tre og åtte arbeidarar til ¨ta seg av 50 000 dyr, betyr det at dei dagleg har tilsyn med dyra i underkant av 4 sekund – 4 sekund!

Dyr som underhaldning

Ville rovdyr i bur minner oss om forelda tider då det vart rekna som underhaldning å sjå store kattedyr kjempe mot mennesker eller dansande bjørnar i lenker, styrte av ei blanding av mishandling og tvang. Dyr har eigenverdi og skal behandlast med respekt. Rovdyr som mink og rev krev mykje plass, variert stimuli og aktivitet. Det er rett å slett ikkje nok å gi dei ei tyggeleke og tenke at det vil vere godt nok. Dei har sterke innstinkt som ikkje lar seg avle bort og nettopp derfor har dei det ekstra vondt i bur.

Venstre fekk gjennomslag

I januar kunne me lese at regjeringa hadde blitt einige om å avvikle pelsdyroppdrett i Norge innan 2025 og alle oss som bryr oss om dyrevelferd trakk eit lettelsens sukk. Men ein gjennomgang ved førre stortingsval syner at fleire av partia på stortinget er for pelsdyroppdrett, og dersom dagens regjering fell er det ikkje sikkert den nye regjeringa vil følge opp!

Ville dyr skal ikkje leve i bur!

Dei som er for vidare drift, seier dette kan skje under forutsetning av strengare dyrevelferdsmessige kriterium, men dei siste åra viser oss at næringa ikkje har klart å finne ei driftsform der desse rovdyra kan leve i bur utan å lide. Eg trur heller ikkje det vil vere mogeleg å gjennomføre denne drifta på ein økonomisk måte og samtidig oppretthalde strenge dyrevelferdsmessige kriterium. Ville dyr skal ikkje leve i bur!

Takk til NOHA!

No trengs det å bevilge penger slik at avviklinga kan kome i gong så fort som mogeleg og me i Haugesund Venstre vil stå på for at regjeringa skal få fart på prosessen!

Så kjære NOAH, kjære alle som stiller opp her og som skriv brev og innlegg og står på for å gi dyra eit betre liv: Husk at kampen er ikkje over før alle bur er tomme!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**