Møre og Romsdal Venstre krev eit reelt statleg spleiselag for innføring av lav- og nullutsleppsferjer

Møre og Romsdal, Britt Giske Andersen

Eit samla Storting bad for snart tre år sidan regjeringa sikre at alle ferjer – statlege og fylkeskommunale – nyttar lav- og nullutsleppsteknologi ved nye anbod. I tillegg har Energi- og miljøkomiteen gjort vedtak der dei ber regjeringa snarast mogleg utarbeide ei tilskotsordning retta mot fylkeskommunane for bruk av ny teknologi i offentlege anbod. Desse miljøkrava, som også blei gjentekne i NTP(2018-29), vart vedteke av Stortinget våren 2017.

Dette er ei sak Venstre har arbeidd med i mange år. Under landsmøtet 2015 fylgde Venstre dette opp med uttalen «Sjøtransport utan klimautslepp», og har sidan intensivert arbeidet for lav- og nullutslepp for ferjeflåten.

Møre og Romsdal er det største ferjefylket i landet. Møre og Romsdal fylkeskommune har lojalt fylgt opp desse statlege føringane med tilsvarande vedtak, som sikrar eit grønt skifte med nytt, fornybart ferjemateriell gjennom strenge miljøkrav i dei ferjeanboda som fylket no er godt i gang med. Utsleppsreduksjonane er på heile 75% til 95%. Fylkeskommunen tek her eit solid og naudsynt klimaansvar, men desse utsleppskutta vil koste.

I tillegg til langt større ferjeinvesteringar, fører dette også til store investeringskostnader på landsida, slik som ombygging av ferjekaier, etablering av ladeutstyr m.v. – samt utbygging av energinettet fram til ferjekaiene.

For Møre og Romsdal Venstre er det avgjerande av klima- og miljøomsyn at vi lukkast med dette framtidsretta arbeidet. Difor er vi totalt avhengige av at statlege styresmakter fylgjer opp sine eigne vedtak og føringar med naudsynte økonomiske midlar.

Staten har sjølv ansvaret for riksvegsambanda, difor er kunnskapen om dei auka kostnadane med dette skiftet godt kjend.

Møre og Romsdal Venstre krev at staten stiller opp i eit reelt økonomisk spleiselag, slik at desse store dokumenterte ekstrakostnadene for fylkeskommunane ved miljøtilpassingar på ferjesida blir kompensert i langt større grad enn i dag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**