Trude Risnes på topp i nye Sogndal Venstre

PÅ TOPP: Fire av dei fem toppkandidatane på lista. Frå v.: Are Kvistad, Jan Arild Rømmen, Trude Risnes og Eva Ramstad. Bjarte Haugen hadde ikkje høve å vera til stades då han var på arbeid i Nordsjøen. (Foto: Sigrid Svartefoss)
PÅ TOPP: Fire av dei fem toppkandidatane på lista. Frå v.: Are Kvistad, Jan Arild Rømmen, Trude Risnes og Eva Ramstad. Bjarte Haugen hadde ikkje høve å vera til stades då han var på arbeid i Nordsjøen., Foto: Sigrid Svartefoss

Nominasjonsmøtet for nye Sogndal Venstre samla seg om Trude Risnes som førstekandidat.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**

På møtet onsdag 28. november var medlemmar frå Sogndal, Leikanger og Balestrand til stades. Nominasjonsmøtet valde samrøystes å gå for framlegget frå nominasjonsnemnda med Risnes på topp. Bjarte Haugen frå Fjærland og Eva Ramstad frå Kaupanger er nominerte på dei neste plassane.

– Eg er stolt, men òg audmjuk , seier Trude Risnes, som i denne perioden er varaordførar i Leikanger.

– Skal nye Sogndal kommune verta ein god og slagkraftig kommune, må me òg dra nytte av Balestrand, seier Risnes, og strekar under at dei no er med på noko historisk når dei tre kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal skal byggja ein ny kommune. Venstre har ei liste der heile den nye kommunen er godt representert.

Bjarte Haugen var på arbeid i Nordsjøen da nominasjonsmøtet gjekk av stabelen, men han deltok på møtet via Skype. Fjærlendingen brenn for næringspolitikk og er oppteken av at folk vert løfta fram og får lov til å prøva seg. Han er også særleg oppteken av utdanningspolitikk og gode helsetilbod.

Eva Ramstad har lang erfaring frå lokalpolitikken. Ho brenn for barn, unge og kulturlivet og legg vekt på at det at Balestrand blir ein del av nykommunen vil styrke kulturlivet i nye Sogndal. Ramstad peikar dessutan på at klassisk miljøvern er ei stor Venstre-sak.

– Me må ta vare på Sognefjorden, seier Ramstad.

Den vedtekne Venstre-lista til kommunevalet blir slik:

1. Trude Risnes, Leikanger
2. Bjarte Haugen, Fjærland
3. Eva Ramstad, Kaupanger
4. Jan Arild Rømmen, Leikanger
5. Are Kvistad, Sogndal
6. Kari Kvikne, Balestrand
7. Maria Knagenhjelm, Kaupanger
8. Marit Mellingen, Leikanger
9. Eyvind Øgar, Sogndal
10. Tobias Dahle, Leikanger
11. Else Mundal, Fjærland
12. Christen Knagenhjelm, Kaupanger
13. Halvor Gregusson, Sogndal
14. Jarle Geithus, Balestrand
15. Torbjørn Dale, Sogndal
16. Renate Buene, Kaupanger
17. Jarle Bøyum, Leikanger
18. Jon Farestveit, Sogndal
19. Arnt Ola Fidjestøl
20. Jon Asbjørn Målsnes, Balestrand
21. Hans Haugen, Fjærland
22. Trude Knutzen Knagenhjelm, Kaupanger
23. Ingunn Torstad Løvik, Sogndal
24. Mats Feigum, Kaupanger
25. Sigrid Svartefoss, Leikanger
26. Trude Ramstad, Kaupanger

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**