Heia deg som er frivillig!

Styret i Sunnfjord Venstre, f.v. Birgit Tansøy, Eivind Husabø, Åge Avedal, Anne Mette Hjelle, Vigdis Tonning., Foto: Sunnfjord Venstre.

Lesarinnlegg frå styret i Sunnfjord Venstre: Heia turleiaren, trenaren, kasseraren, dirigenten, styremedlemen, du som steiker vafler, du som sel lodd, du som ryddar og vaskar og du som står på stand eller går i tog.

I nye Sunnfjord kommune finn vi godt over 500 frivillige lag og organisasjonar. Frivillige skapar aktivitet, samhald, trivsel, felles opplevingar og identitet, og tek eit stort samfunnsansvar for folkehelse og inkludering.

For å løfte alle dei frivillige i den nye kommunen vil Sunnfjord Venstre invitere til ope møte om frivilligheita i slutten av februar, for å få innspel og meir merksemd rundt alt det gode arbeidet som blir lagt ned i frivillig sektor. Vi har også synt fram ein del av dei frivillige organisasjonane og aktiviteten gjennom adventskalender på Facebook under emneknaggen #frivilligisunnfjord. Her er lista med dei 24 lukene i kalenderen:

  1. Grendelaga, utviklingslaga, ungdomslaga og grannelaga
  2. Helselaga
  3. Soge- og historielaga
  4. Indre Sunnfjord Turlag
  5. Sunnfjord kajakklubb
  6. Skulemusikk og korps
  7. Speidarlag og 4H-klubbar
  8. Festivalane
  9. Organisasjonar for funksjonshemma og kronisk sjuke
  10. Studentsamfunnet i Førde
  11. Politikarane
  12. Vektløftarmiljøet
  13. Ungdomsklubbar og uorganisert aktivitet
  14. Idrettslaga
  15. Kulturminnearbeid
  16. Bygdekvinnelaga
  17. Dans
  18. Seniordansen
  19. Spelemannslaga
  20. Røde Kors-laga
  21. Pensjonistlaga
  22. Naturvernforbund og miljøorganisasjonar
  23. Skianlegga
  24. Kora og dei som jobbar frivillig på julaftan

Lista kunne ha vore mykje lengre, men vi synest i alle fall at dei 24 vi har trekt fram fortener applaus og stor anerkjenning!

Norge er verdsmeister på dugnad og frivilligheit. Frivilligheitsbarometeret for 2017 viser at over 60 % av befolkninga i Norge har gjort dugnad siste året. Verdiskapinga i frivillig sektor er rekna ut til å vere på fleire hundre milliardar kroner eller nærmare 150 000 årsverk. Den nye kommunen bør gje frivilligheita anerkjenning og støtte. To konkrete mål må då vere å lage ein frivilligplan- eller plattform for Sunnfjord kommune og legge til rette slik at ein kan nå måla i fritidserklæringa som vart utarbeidd av regjeringa, KS og ei rekke organisasjonar i 2016. Denne slår fast at alle skal ha rett til å delta i ein fritidsaktivitet.

Takk til deg som stiller på dugnad og som frivillig! God jul og godt nytt frivillig-år 2019!

Styret i Sunnfjord Venstre: Åge Avedal, Vigdis Tonning, Anne Mette Hjelle, Birgit Tansøy, Eivind Husabø

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**