– Bygg sterke regionar med desentraliserte vegtenester og fagmiljø

Veg og tunnel gjennom fjordlandskap.
Venstre: - Betre vegar viktigare enn billigare ferjer, Foto: Silje Drevdal/Statens Vegvesen

Vegvesenet sitt forslag til omorganisering vart oversendt til Samferdselsdepartementet tysdag 15. januar. I denne saka forventar Sogndal Venstre at Venstre er med å sikre at Statens Vegvesen framleis skal ha ein desentralisert struktur, og at fagmiljøa på Leikanger og i Sogn og Fjordane skal satsast på, også framover.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**

Eit samla årsmøte i nye Sogndal Venstre står bak uttale om dette, som er sendt Venstre sentralt og som er grunnlag for våre møter med stortingsgruppe og regjeringsapparat om denne saka:

 

Bygg sterke regionar med desentraliserte vegtenester og fagmiljø

Tilgjengelege offentlege tenester og attraktive arbeidsmarknader er føresetnader for eit vekstkraftig næringsliv og gode lokalsamfunn å bu i, over heile landet. Framtidig organisering av Statens vegvesen må sikre dette, og bygge på kompetansemiljø og oppgåveløysing ute i regionane. Sogndal Venstre forventar at organiseringa gjev fagmiljøet på Leikanger oppgåver og funksjonar, minst på nivå som i dag.

Som følgje av oppgåveoverføring til fylka, digitalisering og effektivisering blir det vurdert ny tenestestruktur på trafikant- og køyretøyområdet, endra struktur og omfang på støttefunksjonar, og overgang frå regions- til divisjonsmodell. Sogndal Venstre er for digitalisering som gjev innbyggjarar og næringsliv gode og tilgjengelege tenester. Men alle tenester er ikkje digitale, og endringar må ta omsyn til store reiseavstandar. Sogndal Venstre vil også at framtidig organisering må satse på fagmiljø ute i regionane, der digitalisering er virkemiddel for å tenke nytt.

Likevel, talet på statlege arbeidsplassar ute i regionane går ned, medan det aukar i dei mest sentrale kommunane. Men det er ingen naturlov som seier at offentleg omstilling må innebere spesialisering og fysisk samlokalisering av oppgåver, lagt til dei større byane. Ny organisering av Statens vegvesen, med mogeleg nedlegging av 5 regionvegkontor og spesialisering i færre divisjonar, kan føre til nedbygging av regionale miljø og sentralisering av funksjonar til Oslo eller Bergen. I nye Sogndal kommune skjer dette allereie, der arbeidsplassar i NAV vert flytta frå Leikanger til Bergen.

Den framtidige organiseringa av Statens vegvesen må spegle at regjeringa meiner alvor med statleg lokaliseringspolitikk og spreiing av statlege kompetansearbeidsplassar. Dette er viktig for å bygge attraktive stader og regionar over heile landet. Ved sist omorganisering av vegvesenet, ved regionaliseringa i 2003, sikra Venstre at regionvegkontor og underliggande vegavdelingar blei lokaliserte i små og mellomstore regionssentra. Statens vegvesen fekk også desentraliserte direktoratseiningar. Ei slik tenking må ligge til grunn også framover!

Fleire nasjonale og regionale oppgåver lokaliserte i nye Sogndal kommune er gode døme på at også sentra utanfor større byar rekrutterer nødvendig kompetanse, gjev gode og effektive tenester for innbyggjarar og næringsliv, og bidreg sterkt til ein variert og attraktiv bu- og arbeidsmarknad. Sogndal Venstre meiner at nedbygging av offentlege fagmiljø ute i regionane er stikk i strid med kva Venstre og regjeringa vil i distrikts- og regionalpolitikken. Det står i motstrid til kommune- og regionreforma, der sterkare kommunar og regionar kan ta nye oppgåver og vere gode lokaliseringsstader for privat og offentleg verksemd. Sogndal Venstre minner også om at Leikanger som lokaliseringsstad var viktig premiss for Stortingets vedtak om å slå saman kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal.

Kommune- og regionreforma bygger på prinsipp om desentralisert oppgåveløysing, spreiing av makt og beslutningar nærast mogeleg innbyggjarane. Men då må vi også styre staten i same retninga, og unngå at etatane finn det enklast å klumpe seg saman i dei større byane. I avtalen om oppgåver til dei nye regionane forventar regjeringa at statlege verksemder følgjer opp reforma og tilpasser seg korleis dei nye fylkeskommunane organiserer seg. I Vestland fylke skal kollektivtransport leiast frå Bergen, og veg frå Leikanger. Vegg i vegg med regionvegkontoret for Statens vegvesen. Region Vest er den tyngste veg-regionen i landet, med store utbyggingsprosjekt og spisskompetanse på rassikring, bruer og tunnellar. Oppgåver og fagmiljø blir leia frå Leikanger, med underliggande vegavdelingar i heile regionen. Sogndal Venstre forventar at desse fagmiljøa blir gitt minst like store oppgåver og funksjonar i framtida.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**