Fylkesårsmøtehelg 2. – 3. februar for det kommande Vestland Venstre

Venstre/Flikr

Velkommen til fylkesårsmøter for Hordaland Venstre og Sogn og Fjordane Venstre og felles møte for det kommande Vestland Venstre

laurdag 2. og søndag 3. februar 2019 på Thon Hotel Jølster på Skei

Innkalling er sendt lokallagsleiarar og sideorganisasjonaer på e-post.

Delegater veljast på lokallagsårsmøta.

Det vert altså arrangert både separate årsmøte for dei to fylkeslaga – Hordaland Venstre og Sogn og Fjordane Venstre og felles møte.

På dei separate fylkesårsmøta vil ein handsame saker i samsvar med vedtektene, som til dømes årsmelding, rekneskap, budsjett og val. Dei separate møta tek truleg til å vare kring 2 timar laurdag ettermiddag.

Resten av helga vert køyrt som eit stort felles møte for dei to fylkeslaga som per 1.1.2020 vert Vestland Venstre. På dette felles møtet vil handsaming og vedtak av fylkesvalprogrammet stå sentralt. I tillegg handsamast mellom anna saker som er naudsynte i samanslåingsprosessen. Det vert mykje både politisk og organisatorisk debatt.

Sjå skisse til sakliste nedst i nettsaka

Førebels program for helga finn du her

Vi startar laurdag med lunsj frå kl. 11:30. Deretter blir det felles møte frå 12:30. Registrering frå 11.00.

Avslutning seinast 15.30 søndag.

Fristar

Frist for innsending av framlegg til vedtektsendringar var allereie 1. januar 2019

Vi kan opplyse om at interimsstyret og dei to fylkesstyra, etter råd frå Venstres Hovedorganisasjon, førebels er innstilte på å nytte normalvedtekter for fylkeslag i Venstre det første året etter samanslåinga, dvs. i 2020.

Frist for innsending av andre saker til saklistene var 5. januar

Frist for innsending av fråsegner til møtehelga er sett til 23. januar

Andreutkastet til fylkesvalprogram for Vestland Venstre i perioden 2019-2022 har vore ute på høyring. Lokallag og medlemmer har sendt inn til saman nesten 150 endringsforslag innan fristen som var 5. januar. Dei to fylkesstyra har vore samla helga 12. – 13. januar for å gå gjennom alle endringsforslag og komme med innstillingar.

På fylkesårsmøtet må alle levere eventuelle endringsforslag via elektroniske skjema!

Her er lenkje til det elektroniske skjemaet knytt til fylkesvalprogrammet

Og her er lenkje til det elektroniske skjemaet knytt til handsaminga av politiske fråsegner

 

Hotellet treng namnelister seinast to veker før møtet og frist for å sende inn namn på utsendingar er difor allereie torsdag 17. januar! Dei lokallag som planlegg å halde sitt lokale årsmøte etter 17. januar må sende inn førebels påmelding.

Både eit eige påmeldingsskjema og eit fullmaktskjema er sendt ut til lokallagsleiarane.

Tal på utsendingar: Førebels oversikt over kor mange utsendingar kvart lokallag/kvar sideorganisasjon har rett på, er sendt lokallagsleiarane på e-post.

Ring fylkessekretæren din om du har spørsmål.

Sakspapira vert sendt til dei påmelde utsendingane seinast 1 veke før møtet.

Informasjon om prisar er sendt lokallagsleiarane på e-post. Lokallagsleiar pliktar å informera utsendingane sine om prisane, om laget ikkje dekkjer alt for dei

Merk at delegatar frå Hordaland som er ikkje-yrkesaktive, kan søkje om å få dekka inntil 1000 kr i møtegodtgjersle.

Reise

Delegatane må sjølve dekkje reisekostnadar om ikkje lokallaget dekkjer for dei.

Hordaland Venstre kjem til å setje opp eigen buss frå Bergen busstasjon laurdag morgon (kl. 07:40), og tilbake søndag etter møteslutt, slik det vart gjort i samband med nominasjonsmøtet i Førde. Dei som ønskjer å nytte seg av dette tilbodet må betale ei symbolsk billettpris på 300 kr tur/retur. Meir info vert sendt til påmelde delegatar.

Vel møtt til årsmøtehelg!

Helsing dei to fylkesstyra

Skisse til saklister og tema for helga:

Felles møte for det kommande Vestland Venstre

  • Konstituering– Val av møteleiarar, fullmaktsnemnd, referentar, teljekorps, redaksjonsnemnd for valprogrammet. Godkjenning av forretningsorden for heile helga.
  • Generell politisk debatt
  • Handsaming og vedtak av fylkesvalprogram
  • Politiske fråsegner
  • Val av valnemnd
  • Orientering om valkampplan.
  • Organisasjonsdebatt
  • Tilleggskontingent for 2020?
  • Redaksjonsnemnd for politiske fråsegner på årsmøtet i 2020
  • Nominasjonsprosess føre Stortingsvalet 2021
  • Saker frå Venstres Hovedorganisasjon – m.a. innspel til prosess for nytt prinsipprogram og stortingsvalprogrammet, vedtektsendringar VHO
  • Innkomne saker

Separate årsmøte

  • Konstituering – Val av møteleiarar, fullmaktsnemnd, referentar, teljekorps. Evt. supplering av red.nemnd for politiske fråsegner.
  • Årsmelding og rekneskap 2018
  • Budsjett 2019
  • Organisasjonsdebatt
  • Val – supplering av styret
  • Val av landsmøteutsendingar 2019
  • Eventuelle vedtektsendringar
  • Endeleg vedtak om samanslåing og vedtak om avvikling
  • Innkomne saker
Fellesbilde Vestland V juni 2018
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**