Ta vare på folk på flukt

Foto: www.fn.no

Aldri før har så mange menneske vore på flukt. Rundt 68 millionar har måtte forlate heimane sine fordi dei er forfølgde eller må flykte frå krig og nød. Det er ingen som vel kvar i verda dei vert fødd, og det er ingen som vel å bli født i krigsherja land. Vi som er født i Noreg har vore veldig heldige, og det betyr også at vi har eit ansvar for å hjelpe menneske som ikkje har vore like heldige som oss.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**

Rett til helsehjelp er ein ufråvikeleg menneskerett. Dette gjeld også for personar som oppheld seg ulovleg i landet, såkalla papirlause. Deira opphaldsstatus er uvesentleg for deira rett til naudsynt helsehjelp.

I dag har personar utan lovleg opphald i Noreg rett til øyeblikkeleg hjelp og til «helsehjelp som ikkje kan vente». Den helsefaglege vurderinga av kva tilstandar som ikkje kan vente, blir ofte blanda saman med at institusjonen ikkje får dekka utgiftene. Dette betyr i praksis at dei papirlause berre har rett til akutt helsehjelp.

Mange papirlause innvandrarar i Noreg lever under uverdige forhold og slit med somatisk og psykisk sjukdom, stress og einsemd. Utan tilgang til primærhelseteneste blir sjuke gåande lenge med ubehandla lidingar, inntil akuttbehandling blir naudsynt. Dette medfører store menneskeeige kostnader, og inneber også ein større kostnad for helsesystemet. Det er en uhaldbar situasjon, både sett frå eit humant og menneskerettsleg perspektiv, samt sett i eit folkehelseperspektiv.

Dagens situasjon utfordrar også våre legar og sjukepleiarar som ut frå sine yrkesetiske retningslinjer skal verne om menneskes helse, herunder imøtekomme sårbare grupper sine særskilte behov for helse- og omsorgstenester, uavhengig av den enkelte sin alder, kjønn, etnisitet eller politisk status.

Noregs innskrenking i papirlause sin rett til helsehjelp er i strid med FNs konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar artikkel 12. Den fastslår mellom anna myndigheitene si plikt til «skape vilkår som trygger alle legebehandling og pleie under sykdom».

Rett til helsetenester må gjevast på bakgrunn av individets medisinske behov og Noregs internasjonale forpliktingar. Innvandringsregulerande omsyn er uvedkommande i denne samanheng.

På denne bakgrunn oppmodar Vestland Venstre regjeringa om å utvirke at:

  • Lov om kommunale helse- og omsorgstenester (helse- og omsorgstjenesteloven) skal gjelde alle uansett opphaldsstatus. Dette kan oppnåast ved å endre forskrift 1255 om rett til helse- og omsorgstenester til personar utan fast opphald i riket.
  • Det må vidare opprettast ei finansieringsordning for sjukehus, fastlegar og kommunale helseinstitusjonar, slik at desse kan få refundert utgifter til helsehjelp gjeve til pasientar utanfor folketrygda.
  • Stanse bruken av midlertidige opphaldsløyve til einslege mindreårige asylsøkarar
  • Gjeninnføre rimelegheitsvilkåret ved vurdering av internflukt
  • Stanse praksisen med å trekke tilbake flyktningstatus på grunn av endra forhold i heimlandet
  • Avgrense bruken av dagens aldersvurderingspraksis som i stor grad kritiserast for å vere upresis
  • At alle einslege asylsøkarar under 18 år skal takast hand om av barnevernet
  • Arbeide for eit forpliktande felles europeisk asyl- og kvotesystem
  • Gje barn i asylmottak rett til barnehageplass
  • At asylsøkarar skal ha rett til å gå på vidaregåande opplæring
  • Styrke ordninga med rettleiing ved retur, slik at flest mogleg med avslag forlet landet frivillig
  • At asylsøkarar gjevast betre moglegheit for kontradiksjon i UNE, og at fleire asylsøkarar med avslag får moglegheit til å forklare seg munnleg for nemnda
  • Ta i mot det tal overføringsflyktningar som FNs høgkommissær ber Noreg om

 

Fråsegn vedteken på felles årsmøte for Sogn og Fjordane Venstre og Hordaland Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**