Vil styrke distrikta og regionane

Bilde av Trude Risnes og Gunhild Berge Stang.
Listetopp i Sogndal Trude Risnes (t.v.) og Gunhild Berge Stang, førstekandidat på fylkestingslista til Vestland Venstre., Foto: Sigrid Svartefoss

Vestland Venstre ber om at Statens Vegvesen framleis satsar på dei desentraliserte fagmiljøa både i Sogn og Fjordane og Hordaland. Det går fram av ei felles fråsegn frå det første felles fylkesårsmøtet for Sogn og Fjordane og Hordaland Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**

– Dette er ei sak som vi i nye Sogndal Venstre tok tak i da Statens Vegvesen la fram eit forslag om intern omorganisering i midten av januar. I denne saka vil vi vere krystallklare ovafor både Vegvesenet, Venstre sentralt og regjeringa om at funksjonar og oppgåver i Leikanger ikkje på nokon måte må bli svekka i prosessen som etaten no skal gjennom. Tvert i mot er det grunn til å styrke fagmiljøet vi har både her på Leikanger, i Førde og Nordfjordeid, seier Trude Risnes som er listetopp og ordførarkandidat for Sogndal Venstre.

Vestland Venstre var samla til det første felles fylkesårsmøtet på Skei 2.-3. februar. Det var Sogndal Venstre saman med lokallaga i Stad og Sunnfjord som la fram eit felles forslag til distriktsfråsegn. Fråsegna minner om at eit av hovudpoenga med kommune- og regionreforma er at sterkare kommunar og regionar kan ta nye oppgåver og vere gode lokaliseringsstader for privat og offentleg verksemd. Med unntak av Bergen og Stord er alle Statens Vegvesen sine kontor i Hordaland og Sogn og Fjordane plassert i slike nye, større kommunar.

Fråsegna, som utsendingane frå Sogn og Fjordane og Hordaland samla seg samrøystes om, peikar på at Vestland Venstre ønskjer ein god og utviklande politikk for distrikts-Noreg.

– Difor vil vi arbeide for gode helsetilbod, god kommuneøkonomi, rassikring, vegutbetring og utvikling av næringslivet i heile det nye fylket. Vi vil særskilt understreke at lett tilgjengelege offentlege tenester og attraktive, varierte bu- og arbeidsmarknader er føresetnader for eit vekstkraftig næringsliv og gode lokalsamfunn å bu i, over heile landet, heiter det i fråsegna.

Vestland Venstre understrekar at fleire større kommuneeiningar bør og må framleis vere eit mål for Norge, og at det i denne samanhengen er svært viktig at staten framleis stiller incentivmidlar og andre verkemiddel til rådes for kommunar som slår seg saman med nabokommunar.

Les heile fråsegna her

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**