Nye Sogndal Venstre godt representert på første Vestland-samling

Foto av utsendingar frå Sogndal
UTSENDINGAR: Frå nye Sogndal Venstre deltok Are Kvistad, (f.v.), Kari Kvikne, Trude Risnes og Maria C. Knagenhjelm. Utsendingane Eyvind Øgar og Sigrid Svartefoss vart ikkje med på bildet, sistnemnde bak kamera., Foto: Sigrid Svartefoss

Nye Sogndal Venstre deltok med seks utsendingar på den første felles fylkessamlinga for Vestland Venstre på Skei 2.-3. februar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**

Av formelle årsakar skjer den endelige samanslåinga til Vestland Venstre først i 2020. Delar av samlinga på Skei vart difor gjennomført som separate møte for fylkespartia i Hordaland og Sogn og Fjordane, men det meste av møtetida vart nytta i fellesskap.

Samlinga på Skei bar preg av at lokal- og fylkeslaga i begge “gamlefylka” er klare for å gå i samarbeid i det nye Vestland Venstre. Det var gode politiske diskusjonar, høgt engasjement og god tone i møtesalen.

Fram til samanslåinga er ein realitet, blir arbeidet i Vestland Venstre leia av eit interimsstyre med Alfred Bjørlo som leiar. Trude Risnes frå Leikanger er og med i interimsstyret.

I tillegg til vanlege årsmøtesaker vart det fatta likelydande vedtak i Hordaland og Sogn og Fjordane om samanslåing frå 2020. På sakskartet sto også felles valprogram, valkampplan og fråsegner.

Vestland Venstre vedtok tre fråsegner:

Ta vare på folk på flukt
Bygg sterke regionar med desentraliserte tenester og fagmiljø!
KAF er kult

Are Kvistad, leiar i Sogndal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**