Bremanger Venstre si liste til kommunevalet 2019

På dei 5 øvste plassane på lista finn vi Svein Olav Senneset, Irene Storøy, Bjørgulf Myklebust, Jeanette Kristiansen Grotle og Rakel Rise Hallset, Foto: Bremanger Venstre

Vi har jobba for å setje saman ei liste med god geografisk og kjønnsmessig balanse, og det har vi fått til.Lista inneheld heile 29 namn. Der er 16 kandidatar frå indre og 13 frå ytre del av kommunen. Kvinneandelen er på 45%.

Bremanger Venstre si liste til kommunevalet 2019 finn du her

Venstre slepp til ungdomen

Torine Bortne

Blant fleire nye namn på lista finn vi ungdomskandidatane Torine Bortne og Henrik Holmøy.

Henrik Holmøy

Begge fyller 18 år i løpet av 2019 og går på vidaregåande skule på Sandane, der dei i fjor vår var med på skipinga av Gloppen Unge Venstre.

Vi er veldig glade for å ha fått med to tenåringar på lista vår. Vi håpar Torine og Henrik kan hjelpe oss med å sanke mange stemmer frå unge veljarar.