Rehabiliteringstilbodet i Møre og Romsdal må sikrast

Fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal Venstre slår ring om rehabiliteringstilbodet både ved Mork og i Aure, (illustrasjonsfoto), Shutterstock

Fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal Venstre slår ring om rehabiliteringstilbodet både ved Mork og i Aure. Ei nedlegging av tilbodet vil få store, og uavklara, konsekvensar både for pasientar, pårørende og kommunane.

Pasienten held seg til den behandling og dei tenester han eller ho har behov for, uavhengig av kva forvaltningsnivå som har ansvaret.

Rehabiliteringstilbodet for pasientar busett i Møre og Romsdal skal bli ivaretatt innanfor eit heilskapleg tilbod med både spesialisert rehabilitering og kommunale tenester. Mork rehabiliteringssenter og Aure rehabiliteringssenter er viktig i dette totalbildet og kan ikkje leggast ned utan at ein har tatt stilling til pasientens helseteneste. Det må være i tråd med Forskrift habilitering og rehabilitering og Opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering 2017-2019.

Å legge ned velfungerande tenester og kompetansemiljø er ikkje rett medisin for å sikre rehabiliteringstilbodet i Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal Venstre kan heller ikkje lenger godta underfinansiering av våre tenester, og forventa at styret i Helse Møre og Romsdal reverserer prosessen, og krev at Helse Midt vurderer skeivfordelinga som vedtatt finansieringsmodell (Magnussen-mod.) har for Møre og Romsdal.