Statsråd Iselin Nybø (V) kjem til Volda

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) skal besøke Volda måndag 1. april.

Nybø skal saman med studentar frå lærarutdanninga vitje Volda vidaregåande skule for å snakke med tredjeårselevane om læraryrket. Nybø sitt besøk i Volda er ein del av ein lengre turne – før fristen for å søke høgare går ut 15. april. Statsråden skal også ta del i eit innspelsmøte om studentmobilitet for Høgskulen i Volda og Høgskulen i Molde. Dette er ein del av det førebuande arbeidet med ei ny stortingsmelding. Iselin Nybø har også sett av tid til møte med leiinga på høgskulen, før det blir ei kort samling med lokale Venstre-politikarar.