Pils og politikk: Skulen inn i ei digital framtid

Foto: STEMShare NSW, Unsplash

Skal nettbrett og PC erstatte bok og blyant i framtidas skule? Kva moglegheiter finst gjennom digitalsering? Og kva er utfordringane? Korleis er den digitale stoda i nye Sunnfjord kommune – og korleis vil vi ha det?

Sunnfjord Venstre inviterer til Pils og politikk på Bartine bar på Scandic Sunnfjord Hotel måndag 6. mai kl. 20.30, der du kan høyre om og diskutere dette. Vi har fått med gode innleiarar til å drøfte og løfte temaet:

Rune Johan Krumsvik er professor i pedagogikk ved Universitetet i Bergen, og leiar av forskingsgruppa Digitale læringsfellesskap. Krumsvik underviser i og har leia forskingsprosjekt innan læring og klasseleiing i den digitale skulen gjennom mange år.

Gunn Marit Haugsbø er rektor ved Naustdal barne- og ungdomsskule og tidlegare leiar i Utdanningsforbundet i fylket.

Guri Melby er stortingsrepresentant for Venstre og sit i Stortinget sin Utdannings- og forskingskomite.

Arrangementet er i Bartine bar på Sunnfjord Hotel, og gratis og ope for alle.