Fokus på Mork Senter med Carl-Erik Grimstad og Pål Farstad

Volda Venstre

Det vart uttrykt full støtte til Mork Senter då stortingsrepresentant Carl-Erik Grimstad (V) og fylkesordførarkandidat Pål Farstad (V) saman med lokale Venstrepolitikarar frå Søre Sunnmøre besøkte rehabiliteringsenteret torsdag 24. april. Avdelingsleiar Anita Nybø og plasstillitsvald Marte Husøy gav ei grundig innføring om drift, oppgåver og utfordringar ved Mork Senter. Delegasjonen vart også teken med på synfaring på senteret.

På det opne møtet som vart arrangert i Ørsta torsdag kveld sa stortingsrepresentant Grimstad at om han sjølv skulle få trong for rehabilitering, kunne han gjerne tenke seg å nytte tilbodet ved Mork Senter. Grimstad meinte vidare at regjeringa sitt framlegg om å forlenge nedbetalingstida frå 25 år til 35 år på ny-investeringar i helseføretaka, vil lette det økonomiske trykket – også for Helse Møre og Romsdal.

Elles blei det ei interessant og triveleg stund saman med Grimstad og Farstad for dei som hadde møtt fram til det opne møtet i Ørsta – der først og fremst helsepolitikk stod på dagsordenen. Det var dei lokale Venstre-laga på Sunnmøre som i felleskap stod bak arrangementet.

(frå venstre: Hogne Kvangarsnes, leiar i Volda Venstre; ordførarkandidat Hallvard Bjørneset Volda Venstre; ordførar i Vanylven Lena Landmark Sande, stortingsrepresentant Carl-Erik Grimstad, ordførarkandidat Annika Brandal, Hareid Venstre; ordførarkandidat Gunnar Knutsen, Ørsta Venstre; Arnfinn Sætre, leiar i Ørsta Venstre; Eli Skaatun frå Ulstein Venstre og tilsett på Mork Senter; mens fylkesordførarkandidat Pål Svarstad har innteke kneståande)