Veterandagen 8. mai

I dag, 8. mai 2019, er det eitt år sidan vi hadde vår første offisielle markering av veterandagen i Vanylven, og det er to år sidan vi vedtok ein eigen veteranplan i vår kommune, med fokus på verdsetting, ivaretaking og oppfølging av dei mange frå Vanylven som har delteke i internasjonale operasjonar i åra etter 2. verdskrig.

Generalløytnant Robert Mood skreiv føreordet til Veteranforbundet sin rapport «Når innsatsen ute gir utfordringer hjemme», utgitt den 24.03.2017. Der skreiv han at «Forsvaret er ikkje først og fremst fly, fartøy og våpen. Forsvaret er framfor alt menneske. Menneske i samspel for å løyse krevjande oppdrag på våre vegne. Menneske med lojalitet til nasjonen, oppdraget og avdelinga. Dei fleste kjem heim med nyttige erfaringar og større evne til å meistre krevjande samspel. Kontinuerleg arbeid i tiåra som kjem, og naudsynt vidareutvikling av veteranarbeidet for framtidige generasjonar, handlar til sjuande og sist om å ivareta vår nasjonale sjølvrespekt.

Verdsetting, ivaretaking og oppfølging er difor våre stikkord for veteranplanen vi har utarbeidd, og for at vi i Vanylven skal kunne bidra til å ta kommunalt ansvar for veteranane våre, så må veteranane sjølve gjere seg til kjenne, og melde frå om at dei har bidrege i teneste for Norge. Veteranane må også sjølve melde seg for å få medaljar dei enno ikkje har fått tildelt. Grunna personvernet blir ikkje opplysningar om kven som har vore i teneste gitt til kommunane, denne må dei tenestegjerande melde frå om sjølve. Det er difor slik at det kan vere mange de veit om som har fått den verdsettinga dei fortener, av ulike grunnar. Nokre ynskjer ikkje merksemd rundt tenesta dei har ytt, andre vil legge det bak seg, og nokre veit rett og slett ikkje at dei sjølve må ta kontakt for vidare oppfølging. Eg vil difor med dette oppmode alle som kjenner ein veteran om å vidareformidle bodskapen til dei som fortener å bli verdsett for innsatsen sin. Be dei som ynskjer det om å ta kontakt med kommunen, slik at vi kan legge til rette for vidare oppfølging i åra som kjem.

Meir enn 100 000 norske soldatar har bidrege til internasjonale operasjonar, sidan troppetransportskipet «Svalbard» i vinteren 47 reiste under mottoet «Til Tyskland for fred». Tysklandsbrigaden åleine utgjorde 50.000 unge menn frå Norge, av dei om lag 100 frå Vanylven. I åra etter 1953 har norske kvinner og menn bidrege til operasjonar i blant anna Korea, Gaza, Kongo, Libanon, Somalia, Bosnia, Kosovo, Egypt, Afghanistan, Makedonia, Guatemala. Det er ikkje få land som har hatt norske soldatar til å bidra til ein tryggare kvardag i krigsherja område, og det er ikkje få norske familiar som har venta heime på ein av sine kjære, utan å vite korleis deira kvardag har vore i eit framandt land.

Sjølv er eg dotter av ein av dei mange som har vore ute i teneste, og sjølv om vi hadde det trygt og godt heime hos mor, så opplevde vi hennar lengt og hennar sut for korleis han hadde det ute i verda. Pappa hadde si første utanlandsteneste i 2. kontingenten til Libanon, der dei allereie kort tid etter ankomst opplevde skot mot kolonnen dei køyrde i. Pappa var, heldigvis for oss, uskadd, men ikkje alle var like heldige den gongen, og fleire andre har i åra som har gått fått triste meldingar heim. Operasjonane har mange gongar vore farlege, og sjølv om det oftast har gått bra, så kan opplevingane ha sett varige spor. Minna tek ein med seg heim, og for mange er det for mykje å hanskast med åleine. Forsvaret er der for soldatane den første tida, men for ein del, så vil oppfølgingsbehovet både vere der over tid, og det kan vere naudsynt med hjelp både til veteranen, og til dei som står han nær, i høve fysiske, psykiske eller sosiale behov. Difor må vi som kommune ha tilrettelegging i helsestasjon, i PPT og i skule, i tillegg til at vi må legge til rette for samtaletilbod hos terapeutar for veteranar og familie når det er behov for det.

I dag, på fredsdagen 8. mai 2019 ynskjer eg å takke våre veteranar, våre mange som har bidrege i utanlandsteneste i alle åra som har gått.

Hjarteleg takk for dykkar bidrag.

Veteranplanen til Vanylven kommune finn du her: Link til Veteranplanen, trykk her

Lena Landsverk Sande
ordførar Vanylven kommune