Lokalpolitikk gir resultat – regjeringa løyver 3 mill ekstra til Høgskulen

Volda Venstre

“Kjekt å sjå at det nyttar med lokalpolitisk arbeid, og at det er kort veg frå lokalmiljøet til Stortings- og regjeringskontora.” Dette seier ein tilfreds Hallvard Bjørneset – ordførarkandidat for Venstre i Volda – etter gladmeldinga onsdag om at regjeringa løyver 3 mill kroner til ombygging og modernisering av det gamle Strøm-auditoriet på Høgskulen i Volda.

“Eg vil spesielt framheve arbeidet til forskings- og utdanningsminister Iselin Nybø (V) som har fått støtte i regjeringa til å auke løyvingane til ulike tiltak som skal betre undervisninga på universitet og høgskular kring om i landet. Noko som altså kjem vår lokale høgskule til gode”, seier Bjørneset. Han legg til at det er første gongen at Høgskulen i Volda får tildelt slike midlar, då det tidlegare ikkje vart gitt midlar til høgskular og universitet som leiger lokale av Statsbygg. Desse kriteria har no statsråd Nybø – som vitja Høgskulen i Volda seinast i april – endra.

Saman med lokale representantar frå dei andre regjeringspartia, kunne Bjørneset i går presentere gladmeldinga til rektor Johann Roppen og dekan Odd Ragnar Hunnes på Høgskulen. Midlane skal gå til ombygging av det 25 år gamle Strøm-auditoriet for meir studentaktiv undervisning og læring. Målet er å heve kvaliteten på undervisninga og gi studentane meir og betre læring og eit rikare læringsmiljø m.a. ved å nytte teknologi til å veksle mellom plenumsplenpresentasjonar og arbeid i grupper. Prosjektet har såleis fått kallenamnet “Veksel-Strøm.”

Bak f.v. Ordførarkandidat for Venstre, Hallvard Bjørneset, Stig Olav Lødemel (H), Arild Iversen (KrF) og Roald Espset (FrP) saman med rektor ved HVO Johann Roppen og dekan ved samfunnsfag og historie, Odd Ragnar Hunnes. (foto:E.O.Storegjerde)