Slik kan ny ungdomsskule saman med kulturhus sjå ut. Kva synest du?

Volda Venstre

Volda Venstre ynskjer å bygge ny ungdomsskule og nytt kulturhus saman. Difor har vi engasjert ein arkitekt som har teikna skisser for korleis dette kan sjå. Kva synest du?

I førre veka blei det også klart at vi må framskunde bygging av nytt symjebasseng som kan nyttast til både opplæring og konkurranse. Til saman blir dette store investeringar for Volda kommune. Dette betyr at vi må bygge smart og sjå fleire prosjekt i samanheng for å utnytte synergiar. Venstre vil prioritere lovpålagde oppgåver, og vil ha følgjande rekkefølgje:

  1. Ungdomsskule – byggesteg 1 skuledelen (skal altså fungere godt som fullverdig skule, uavhengig av byggesteg 2)
  2. Om lag samstundes bør vi bygge symjebasseng, helst bygd saman med VCA.
  3. Ungdomsskule – byggesteg 2 kulturhusdelen

For Venstre er ny ungdomsskule det neste store byggesprosjektet som står først i køen, og som skal stå ferdig så raskt som råd. Sjølve bygginga kan starte hausten 2020 når VCA står klar og kan erstatte dei gamle gymsalane. Om lag samstundes bør nytt symjebasseng byggast.

Venstre meiner vi skal tenke nytt når det skal byggast nytt! Difor vil vi droppe planane om å bygge kulturhus på den tronge tomta ved det gamle samfunnshuset, og i staden bygge kulturhus saman med den nye ungdomsskulen – som eit byggesteg 2. Her kan vi få ein ein ungdomsskule som i tillegg til “ordinære” klasserom og spesialrom kan gi elevane tilgang til kinosal, kultursal, folkebibliotek, kantine og andre fellesareal. Det kan også opne opp for utvikling av nye spennande valfag, t.d. innan kuturproduksjon. Bygger vi desse bygga saman, vil vi gjennom sambruk få synergiar og aktivitet frå morgon til kveld. Det viser erfaringane frå liknande samlokaliseringar kring om i Norge.

  1. Kommunen sparer både tid og ressursar ved at ein planlegg eitt byggeprosjekt i staden for to. dette kan framskunde byggestart.
  2. Kommunen eig tomta kring ungdomsskulen.
  3. Nærleik for barn og unge til ulike fritidsaktivitetar, t.d. kinoen, kulturskulen og VCA.
  4. Den store tomta ved ungdomsskulen ligg slik til i terrenget at den kan romme ein kultursal med stor takhøgde.
  5. Nærleik til store parkeringsplassar, både ved Øyra skule, høgskulen og VCA.

Vi ser føre oss at den nye skulen skal bli eit naturleg samlingspunkt for å bygge eit rikt og variert lokalsamfunn. Volda Venstre meiner at ved å bygge kulturhuset og ungdomsskulen saman, vil det utløyse synergiar som gjer at vi kan få meir skule og kultur for kvar krone.