Utan bompengar vil distrikta lide

Britt Giske Andersen

“Vi må ikkje sjå oss blinde i bompengedebatten. Utan bompengar hadde til dømes Eiksundsambandet ikkje vorte bygt. Og dette sambandet har vore svært viktig for utviklinga av Søre Sunnmøre med ein langt større bu- og arbeidsmarknad.” Det sa Venstre sin ordførarkandidat Hallvard Bjørneset då han fredag møtte stortingsreperesentant Abid Raja og dei to fremste kandidatane på Venstre si fylkestingslista Pål Farstad og Britt Giske Andersen på ferjekai i Volda.

“Kvar gong vi løyser billett på ferja, er det i realiteten bompengar vi betaler. Eg betaler gladeleg bompengar på eit bru- eller tunellsamband for å sleppe ferja,” la Bjørneset til. Bjørneset er busett på Folkestad og veit kva det vil seie å vere dagleg avhengig av ferje. Han fekk full støtte av Britt Giske Andersen som er varaordførar i Giske kommune. “Eg betalte bompengane med glede då tunellane frå Ålesund til Valderøya stod ferdige. No er anlegga for lengst nedbetalte og vi slepp å vere bundne av ferje- og båtruter”.

Stortingsrepresentant Abid Raja uttrykte seg også klart: “Dei som trur at sletting av bompengegjeld ikkje vil true ulike planlagde samferdsleprosjekt, må tru om igjen. Venstre står støtt på Granavolden-avtalen mellom dei fire regjeringspartia. Vi kan ikkje vere med på å stoppe nye bypakkar der miljø- og kollektivsatsing står sentralt. Å skubbe regninga over på komande generasjonar med å bruke 100 mrd kroner for å skrive ned bompengegjeld slik Frp ynskjer, er ikkje rett medisin når til dømes klimautfordringane står i kø. Desse pengane vil vi garantert få bruk for, mellom anna til omstillingsarbeid til beste for dei som kjem etter oss.”

Pål Farstad som er fylkesordførarkandidat for Venstre, var uroa for dei vegprosjekta som no står for tur i Møre og Romsdal. “No må vi ha fullt fokus på å gjennomføre prosjekt som er vedtekne etter grundig handsaming i Nasjonal transportplan. Og utan bompengeløysingar, risikerer vi at ein større del av samferdslemidlane vil bli adresserte til sentrale delar av landet på bekostning av distriks-Norge.”

Den planlagde Volda-tunellen vart også “lufta” under Venstre-treffet på ferjekaia. “Utan bompengar er eg redd for at det kan ta mange ti-år før Volda-tunellen blir bygd,” meinte Abid Raja. Han la til at det vil vere mogeleg å få til rabattordningar for lokale innbyggarar som køyrer tunellen. Også Hallvard Bjørneset trudde at ei eller anna form for bompenge-løysing må på plass før tunellen kan realiserast, men utan at bompengane fører til konkurransevriding mellom Volda og Ørsta.