Fylkestinget støttar yrkesskulen på Rubbestadneset

Foto: Jostein Vedvik

I fylkestinget 12.juni vart sak om lokalisering for verkstadsareal til EL, TIP og naturbruk handsama.

Vår fylkestingsrepresentant Elizabeth Toft Erichsen, la fram vårt syn med fokus på det positive i samarbeidet mellom skule og næringsliv ein ser i pilotprosjektet som er i gong på Bømlo. Eit slikt prosjekt, som ein og ser i Nordhordaland, er viktig for heile Vestland.

For Venstre har det vore viktig at ikkje det vert slått tvil om at Rubbestadneset er den rette staden for desse verkstadsareala.

Venstre har og vore oppteken av tilbodet til elevar med behov for tilrettelagt opplæring, og la difor fram eit framlegg om eit nytt punkt 3 i rådmannen si innstilling:

I ei framtidig organisering av TO-tilbodet i Vestland fylkeskommune er det i eit gjennomførings- og inkluderingsperspektiv ønskjeleg at elevar ikkje blir tekne inn til eigne HT-grupper. Elevane må takast inn i ordinær opplæring, og utgangspunktet for tilrettelegging i vidaregåande opplæring må vere å gi elevane tilfredsstillande utbytte i det ordinære opplæringstilbodet.

Vårt framlegg vart revidert og det endelege vedtaket vart som følgjer:

Fylkestinget reverserer vedtaket som først vart fatta av eit fleirtal i 2013 om å flytte TO-tilbodet fra Bømlo til Stord. Fylkestinget vedtek at administrasjonen skal utgreie moglegheiter for å sikre et godt tilbod til denne elevgruppen ved nye Bømlo vgs og i fylket generelt. Ein bør særleg i arbeidet med fylkessammenslåinga sjå på mogelegheiter for meir inkludering og tilrettelegging i ordinære klassar slik det visast til i RS 19/2019.

Gruppeleiar for Venstre, og ordførarkandidat på Bømlo Anne-Beth Njærheim, er veldig glad for at fleirtalet i fylkestinget var enige med vårt syn.