Stopp forfølginga av kvinnelege skuleelevar i Tanzania!

Kvinner sine reproduktive rettar er under press i mange delar av verda.

I Tanzania blir kvinnelege elevar og studentar utsett for tvungen graviditetstesting, dette kan på nokre skular skje så ofte som ein gong per månad. Dersom elevar og studentar er gravide, blir dei vanlegvis utvist frå skule eller universitet. Dei får heller ikkje kome tilbake etter at barnet er fødd.

Eit slik regime er på mange måtar ein effektiv kontroll av kvinners seksualitet og ikkje minst ei krenking av kvinner sine menneskerettar. Det utgjer også ein stor risiko for at kvinner ikkje får fullført utdanning. På samfunnsplan bidrar det også til å oppretthalde kjønnsstereotypiar. Det er viktig å arbeide mot slike praksisar, då ein veit at praksis som krenkjer kvinner sine rettar, også kan ha «smitteeffekt» mellom ulike land.

Venstre vil:

  • Påverke styresmaktene i Tanzania til å forby denne praksisen, og å betre gravide kvinner og kvinner med barn sitt høve til å ta og fullføre utdanning

Fråsegn vedteke av Hordaland Venstre sitt fylkesstyre 21. juni 2019

 

Kjelde: https://www.reproductiverights.org/sites/crr.civicactions.net/files/documents/crr_Tanzania_Report_Part1.pdf?_ga=2.110519175.382897176.1560935302-27649994.1556207406&fbclid=IwAR0vcxBLd02Chl6isRZ42woUne5J15zOjECuoMZxH0GnK-Hr8KgE-pUIHEc