Kapittel 6 – Kunst, kultur og frivilligheit

Kunst og kultur

Kunst og kultur har eigenverdi og skaper refleksjon og innsikt om verdiar, samfunn og kva det vil seia å være menneske.

Kulturpolitikk handlar om å stimulere og leggje til rette for sosiale arenaer der eit breitt spekter av kulturuttrykk får utfalde seg.Kunstpolitikk handlar om deltaking og om å styrke samhald ved å bringe fram nye kunstnariske ytringar. God kunst og kulturpolitikk er demokratibyggande. Den vil på same tid styrka limet i samfunnet og vera arena for meiningsytring og mangfald. Kunst som utfordrar utløysar samtalar.

Uttalelse fra Venstres landsmøte 2018: Eit rikt og variert kulturliv

Kunst- og kulturpolitikken skal stå på skuldrane til den vitale vestlandske kulturarven og aktivt støtte og arbeide for at ny musikk, scenekunst, skrivekunst og visuell kunst frå Vestlandet ligg i bresjen og set agendaen i kraft av å vera nyskapande og aktuell.

Kunst og kultur er vesentlege og nødvendige bidragsytarar for nærings- og distriktsutvikling i heile Vestland fylke.

Det er på tide med eit vestlandsk kulturløft. Vestland, med Bergen som fylkeshovudstad og kulturelt tyngdepunkt, er eit fyrtårn for kultur i Noreg. Fylket vårt har eit yrande og variert kulturliv med internasjonalt nedslagsfelt. Men dette kulturlivet står i fare, då vårt område lir av alvorleg mangel på statleg finansiering av kulturbygg. Der andre kan ha problem med tomme kulturhus, har Vestland og Bergen eit overskot av kunst som manglar arenaer å vise den på.

Statlig finansiering av kulturbygg, er urimeleg sentralisert i Oslo. Dette er eit stort problem, ikkje berre for Vestland og Bergen, men for heile Noreg utanfor hovudstaden.

Vestland Venstre vil arbeide mot denne trenden. Vi vil jobbe for ei sterk vidareføring og vidareutvikling av kulturfeltet i Bergen og Vestland, gjennom auka statlig finansiering av kulturbygg i fylket.

Vestland Venstre vil også prioritere å bidra til finansiering av viktige kulturbygg der det er naturleg med spleiselag for stat, fylke og kommune.

Venstre vil styrke dei profesjonelle kunst- og kulturmiljøa i heile Vestland, til dømes Opera Nordfjord, Ole Bull-akademiet mfl.

Samspelet mellom profesjonelle og frivillige kulturtiltak må styrkast.

Venstre vil styrke nynorsk i opplæring og næringsliv, forvalting og kultur. Mellom anna vil vi styrke nynorske kulturelle fyrtårn som Nynorskens Hus i Førde og Hordaland Teater i Bergen. Vestland Venstre vil løfte fram nynorske forfattarar som Olav H. Hauge og Jakob Sande, men også stimulere til ny nynorsk litteratur.

Venstre vil:

  • styrke dei økonomiske vilkåra for produksjon av ny musikk, scenekunst, visuell kunst og skrivekunst
  • styrke møtestadene og arenaene der kunst vert framført og presentert
  • gjera terskelen lågare, slik at fleire kan ta del i kunst og kulturopplevingar
  • arbeide for eit risikofond for prosjekt som formidlar kunstopplevingar til nye grupper og gjere slike opplevingar til ein større del av folk sine liv
  • vidareutvikle biblioteka som møtestader for menneske med ulik kulturell og sosial bakgrunn
  • styrke biblioteket som aktiv kulturformidlar og som debattarena med breidd og høg kvalitet
  • arbeide for best mogeleg kontakt og samhandling mellom de ulike etniske grupper og kulturar i Vestland fylke, og vil etablere et fagleg råd med deltakarar frå akademia og andre relevante kretsar som kan bidra med rådgjeving og kvalitetssikring i denne viktige brubygginga.
  • styrke kunst- og kulturinstitusjonane sitt fokus på ungdom som publikum og kulturforbrukarar
  • auke nynorsk produksjon i Den kulturelle skulesekken og Den kulturelle spaserstokken
  • stø arbeidet med utviklinga av eit Nynorskens Hus i Bergen og i Førde
  • bruke Ivar Aasen-tunet (Ørsta) og Olav H. Hauge-senteret i Ulvik aktivt for å formidle den nynorske skriftkulturen til elevar i fylket
  • sikre satsing på kystkultur og fartøyvern
  • vidareutvikle produksjons- og formidlingsmiljøet for film på Vestlandet
  • jobbe for at Gulatinget vert nasjonalt tingstadsenter
  • arbeide for nasjonal og regional støtte til markeringa av Moster 2024 – 1000 års jubileum for innføring av kristenretten i Norge, som heng saman med Gulating, Norges eldste tingsete og ein viktig institusjon frå eldre norsk historie
  • styrke arbeidet med digitalisering, vern og formidling av tradisjonsmateriale i fylket. Arbeidet hjå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane må vidareførast for heile fylket, i samspel med andre arkivinstitusjonar, som til dømes Bergen byarkiv
  • stø opp om Economusee-nettverket, med aktive produsentar og formidlarar av vestlandsk kultur- og handverksproduksjon, slik som Oselvarverkstaden, Syse gard, Aurlandskoen m.fl
  • styrke musea sine vilkår for drift og investeringar
  • vidareutvikle bokbåt-tilbodet til fjord-, kyst- og øysamfunn i alle deler av fylket
  • sikre Sentralbadet som eit nytt scenekunsthus for BIT teatergarasjen og Carte Blanche

Frivilligheit

Frivillige, lag og foreiningar sørger for eit mangfaldig fritidstilbod til alle innbyggjarar og bidreg til aktive, dynamiske og robuste lokalsamfunn. Fysisk aktivitet og sosiale nettverk har ein positiv effekt på folkehelsa og bidreg å til å førebyggje einsemd, depresjon, rus, kriminalitet, psykiske helseproblem mm.

Infografikk frivillighet.

Vestland Venstre ynskjer meir og betre frivilligheit og vil styrke samhandlinga mellom offentleg og frivillig sektor. Vi vil utvikle en heilskapleg frivilligheitspolitikk for Vestland fylke med visjonar for vekst og utvikling i heile sektoren.

Vestland Venstre ynskjer at paraplyorganisasjonar som har fylkesledd innanfor frivillig sektor skal samarbeide og opprette eit fellesskap. Dette vil styrke kunnskapen om feltet, optimalisere engasjementet, samkøyre kunnskap og utvide engasjementet i befolkninga.

Vestland Venstre ynskjer å satse på fylkesledd som Frivillig Hordaland og Sogn og Fjordane.

Idrett og friluftsliv

Idrett er viktig både for å fremje folkehelse, ideal og sunn konkurranse.

Friluftslivet er ei viktig kjelde til trivsel og folkehelse.

Fysisk aktivitet har ein positiv effekt på folkehelsa, anten det er gjennom idrettsaktivitetar eller som aktivitet i friluftslivet.

Venstre vil:

  • utvikle eit breitt og variert friluftstilbod til barn og unge gjennom medverknad
  • inkludere fleire personar med funksjonshemmingar og fleirkulturelle i idretten gjennom tilrettelagde arrangement og aktivitetar
  • leggje til rette for at unge, lovande idrettsutøvarar får utvikle seg i lokalmiljøet og regionen. Støtte idretten blant anna ved å satse på gode anlegg og vurdere vidareutvikling av ordninga med fylkesanlegg
  • styrke satsing på anlegg for uorganisert fysisk aktivitet
  • sikre og støtte tilrettelegging i nærleiken av bustadområde, tettstader og byar
  • leggje til rette for meir fysisk aktivitet i den vidaregåande skulen
  • satse på prosjekt for merking og gradering av turløyper
  • vidareføre det gode samarbeidet medfriluftsråda
  • stimulere til auka fysisk aktivitet hjå born og unge