Statsråd Iselin Nybø (V) til Volda i august

venstre

Kunnskapsminister Iselin Nybø kjem til Volda tysdag 20. august for å vere med på opninga av det nye studieåret på Høgskulen. Mellom anna skal Nybø halde opningstalen for dei nye studentane.

Statsråd Nybø var seinast i Volda i førstninga av april då ho først vitja Volda vidaregåande skule for å promotere læraryrket for tredjeårselevane. Deretter hadde ho møte med leiinga på Høgskulen, m.a. innspelsmøte om studentmobilitet i samband med ei ny stortingsmelding som er under arbeid.

Nybø fekk også tid til ei samling med lokale Venstre-politikarar.

Iselin Nybø
Iselin Nybø