Valkampen starta i Hornindal

Volda Venstre

Volda Venstre opna årets lokalvalkamp med stand på Grodås laurdag 3. august i samband med kulturdagane i Hornindal. Nydeleg sommarver, feiande musikk og trylleshow frå ute-scena, salsboder, kaffe- og kakebord, og mykje folk gjorde det svært så triveleg å stå på stand.

Sju blide og optimistiske Venstre-medlemmer med ordførarkandidat Hallvard Bjørneset i spissen, stillte opp på standen med ny-designa t-skjorter – og delte ut lister, valbrosjyrar, posar med villblomstfrø og buttons. Somme nytta også høvet til å slå av ein prat, stille spørsmål, eller diskutere aktuelle lokale saker.

Dei som stakk innom standen fekk også høve til å bli med på Volda Venstre sin “valtips-konkurranse” – der det gjeld å tippe rett mandatfordeling partia i mellom i det nye kommunestyret. Dette er slett inga enkel oppgåve.

 

Optimistiske Venstre-kandidatar på stand i Hornindal. Frå venstre: Hege Anett Nygård Seljeset, Hogne Kvangarsnes, Benedikte Holmberg, Hallvard Bjørneset og Brynhild Lund Notøy. Christine Helgesen Haugen og Sindre Furland var også med på arrangementet.