10. kandidat Line Rotihaug

Line Rotihaug
Foto: Privat

Askvoll Venstre sin kandidat nr. 10 er Line Rotihaug frå Askvoll. Ho er den yngste på lista vår. Ho har flytta tilbake til kommunen etter endt utdanning og frå hausten skal ho arbeide som lærar på Askvoll skule. Line meiner det er viktig at dei unge er med og bestemmer utviklinga i kommunen, slik at det kan verte enda meir attraktivt å flytte heim til ein kommune som kjenner ungdommen sitt behov. Hjartesakene til Line er:

  • Gode oppvekstvilkår
  • Kulturarbeid for born og unge i heile kommunen
  • Gode skular og barnehagar
  • God og verdig eldreomsorg
  • Atløysambandet og rassikring av FV 609
  • Fleire lærlingplassar og arbeidsplassar