9. kandidat Jostein Grane

Jostein Grane
Foto: Privat

Jostein Grane er kandidat nr. 9 på Askvoll Venstre si liste til kommunestyrevalet. Han kjem frå Atløy og er matros. Han har vore lenge med i Askvoll Venstre og hatt mange perioder som kommunestyrerepresentant. Han vil framleis vere med å utvikle Askvoll, og her er sakene som han er mest oppteken av:

  • Ha trykk på samferdsel er viktig. Slik at Atløy-sambandet, og sikring av 609 ved Hundsåna vert gjennomført.
  • Vedlikehalde dei kommunale vegane, og legge fast dekke når ein kan.
  • Støtte utbygging av fiber til alle bygdene i kommunen er dekka.
  • Oppretthalde eit godt tenestetilbod i kommunen. Både for Oppvekst, og i Helse og Omsorg.
  • Legge til rette for bustadbygging i bygdene våre.
  • Støtte næringslivet. Både eksisterande, gründerar og nyetableringar