Med Ørsta Venstre inn i framtida

Nokre av Ørsta Venstre sine kandidatar til valet 2019. F.v. Gunnar Knutsen (ordførarkandidat), Arnfinn Bjarte Sætre, Stian Aasen, Gunnhild Dalebø, Erling Taftesund, Are Folkestad, Else Marie Halse Ressem, Lone Ellingvåg Knutsen

 

Venstre vil gi fridom til den enkelte og ta vare på felleskapet og miljøet. Vi trur på skaparkraft, frivillig innsats, dugnadsånd og lokalt sjølvstyre som grunnlag for eit godt samfunn.

Ørsta er inne i ei god vekstperiode der folketalet snart når 11 000, og det er stor aktivitet innan kultur og næringsliv. Kommunen har fått nytt legesenter med omsorgsbustadar, og der er gjort vedtak om bygging av nye skulebygg både på Sæbø og i Ørsta sentrum. Ikkje minst er det ei stor glede at Ørstahallen er opna og har vorte ein suksess. Hallen har vore ei av fanesakene til Ørsta Venstre i mange år, og vi er stolte av den hallen som no er på plass. Ørsta Venstre sine kandidatar på lista til kommunevalet 2019 vil arbeide for å gjere Ørsta til ei endå betre kommune å bu i.