3. kandidat Bjørn Arne Mjåseth

Bjørn Arne Mjåseth
Foto: Privat

Tredjekandidaten til Askvoll Venstre til kommunevalet er Bjørn Arne Mjåseth frå Atløy. Han jobbar offshore som tilkomstteknikker og er tillitsvald. Han er ein veteran å rekne som politikar i Askvoll og har vore aktiv sidan 2003 og 12 år i formannskapet. Les kva saker Bjørn Arne vil stå på for i Askvoll:

Askvoll treng eit sterkt Venstre for å halde fram den positive utviklinga, og med di stemme skal vi gjera vårt beste.

Vi skal ha eit brukartilpassa tenestetilbod, det vere seg når det gjeld barnehage, skule, helse og eldreomsorg. Hjelp og omsorg når ein treng det er det vesentlege for oss, uansett kor ein bur i kommunen.

Saker som eg har eit spesielt fokus på er:

  • Tenestetilbodet vårt
  • Ambulansetenesta
  • Samferdsle til dømes Atløysambandet og sikring av fv 609
  • kommunen er den største arbeidsgjevaren i Askvoll. I det ligg det eit stort ansvar for kompetanseheving og utvikling for dei vi har arbeidsgjevaransvar for.

 

Vi vil utvikle dialogen med dei tilsette og saman levere enno betre resultat i kommunen både fagleg og økonomisk.

Vi skal halde fram med å sikre oss økonomisk handlingsrom som set oss i stand til å gjera Askvoll til ein endå betre stad å leve livet sitt.