4. kandidat Anne Marie Sve Mandelid

Foto: Privat

Anne Marie Sve Mandelid bur i Kvammen og er vår fjerdekandidat. Ho jobbar i
Helse Førde og Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevakt som helsepersonell. Anne Marie er ei sunnmørsdame med stort engasjement. Hennar hjartesaker:

«Vi må sikre livskvalitet, god helse og gode omsorgstjenester. Vi må ta vare på heile mennesket»

Det skal vere trygt og godt for alle born og unge i vår kommune, og oppvekst må stå i fokus. Vi treng fleksibilitet når det kjem til opningstider i barnehagar, og det må vere rom for at alle får plass. Det er vidare viktig å satse på skulen som ein arena der alle born skal få utvikle sitt potensiale samt tileigne seg kunnskap.

 

  • Det skal vere trygt og godt å vekse opp for alle born og unge i vår kommune. Det er difor viktig å satse på skulen der alle born skal få utvikle sitt potensial, og få tileigne seg den kunnskapen dei treng.
  • Fange opp dei som fell utanfor så tidleg som mogleg, og gje dei den hjelp dei måtte trenge frå dei ulike støttefunksjonane.
  • Vi treng vi fleksibilitet i opningstider i barnehagane, samt full barnehagedekning.
  • Skulane vi har skal vi gjere alt for å behalde.
  • Vi må ha eit godt kulturskuletilbod, og støtte frivillige lag og organisasjonar.
  • Det skal vere lettare for dei unge å vende tilbake til kommunen for å etablere seg.
  • Tilrettelegging for nye arbeidsplassar der etableringsprosessen bør forenklast, samtidig som vi tek vare på det eksisterande næringslivet.
  • Vi i Venstre seier JA til gruvedrift, men NEI til fjorddeponi.
  • Rask løysing for rassikring for FV 609.
  • Halde trykket oppe for at Atløysambandet blir realisert i næraste framtid.
  • Arbeide for at breidband og mobildekning går til alle i vår kommune.
  • Det skal vere trygt og godt å bli eldre i Askvoll kommune.
  • Det skal vere omsorg og fellseskap i vår kommune, og tryggleik for at ein får hjelp når ein treng det.
  • Trygg og verdig alderdom der ein er med å bestemme over sin eigen kvardag.
  • Alle eldre skal møtast med fleksible tilbod som fangar opp ulike ynskjer og behov.