5. kandidat Erlend Yndestad

Foto: Askvoll Venstre

Erlend Yndestad frå Stongfjorden er vår kandidat nr. 5. Erlend er utdanna vernepleiar, og jobbar som avdelingsleiar i Hyllestad kommune. Les om kvifor Erlend vart engasjert i politikk og kvifor han er medlem av Venstre.

 

– I 2015 sat eg og las om barnefattigdom, eg såg på at barn veks opp i meiningslaus armod i eit land der økonomi tilsynelatande ikkje skal vere eit problem. Når eg bestemte meg for å engasjere meg i denne problematikken sende eg eit konkret spørsmål til tre ordførarkandidatar. Eg fekk svar med alle.

Sittande ordførar sende meg ein internettlink, ein anna meinte at dei økonomiske overføringane til bøndene var rota til all fattigdom. Etter ei lita stund fekk eg melding frå ein bussjåfør og bonde frå Skorvemarka, han presentere seg som Gunnar Osland og ordførarkandidat for Venstre.
Det vart ein lang samtale som best kan beskrivast som «Folk først».

For meg vart det medlemskap i Venstre med eit brennande ønske om å få engasjere meg.
I tretti år har eg arbeidd med menneske i vanskelege situasjonar, eg har som behandlar og terapeut budd med menneske som seinare er blitt dømt til lengre straffar for m.a. forsøk på drap og mordbrann.

Felles for alle menneske i vanskelege situasjonar som eg har hatt kontakt med er ein oppvekst i fattigdom der psykisk sjukdom blant ein eller fleire familiemedlemmer har vore framtredande.

Eg vil difor engasjere meg feltet psykisk helse, både som førebygging og som behandling. Eg vil gå for å gi ei døgnkontinuerleg muligheit for å få hjelp til dei som akutt går på ein psykisk «smell», eg ønskjer at dei som ufrivillig/frivillig rusar seg og vil ut av miljøet skal bli møtt med engasjement og eit oppriktig ønske om å gje hjelp.

Eg ønskjer at dei eldre skal kunne få ein å snakke med, ein som gir dei anerkjenning for det dei har bygd opp og som vi nyter godt av i dag.

Eg vil at barnehagane skal ha nok fagpersonar, gjerne krydra med gode og engasjerte assistentar, men at pedagogane får muligheita til å vere aktive i barna sin dag og ikkje berre sitte på kontor.

Eg ønskjer at skulane skal ha det aller beste av undervisningsutstyr og med gode pedagogisk utdanna lærarar i all undervisning.

Andre saker som opptek meg er sjølvsagt realisering av Atløysambandet og rassikringa av FV 609.